Megarden planteskole i Halsa melder no om at dei har omsett rundt ein million planter i vår.

Det fortel Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Dette er ei auke på rundt 200 000 planter i høve til føregåande år. I tillegg vil det bli planta ein del i haust. Det har ikkje vore samsvar mellom auka hogstaktivitet og planteaktivitet dei siste åra. Hogsttala viser ei tredobling siste fem åra medan plantetalet ikkje har stige tilsvarande.

Fylkesmannen meiner at det er gledeleg at plantinga no aukar.