Denne veka tildelte kultur- og folkehelseutvalet 81,4 millionar kroner i spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet i Møre og Romsdal. Det er ein auke på om lag 6 millionar kroner frå 2017, og er ny rekordsum for Møre og Romsdal.

Til saman fekk anlegg i Rauma 4.915.000 kroner. Lista ser slik ut:

AnleggAnleggstypeSøkerSum
Romsdal klatrehallKlatre/buldreveggNorsk Tindesenter Eiendom AS2.500.000
Romsdal klatrehall buldreveggKlatre/buldreveggNorsk Tindesenter Eiendom AS700.000
Tursti Herjevatnet rundtTurstiHolmemstranda idrettslag921.000
Isfjorden skytebaneLerduebaneÅndalsnes og omegn jeger og fiskeforening494.000
Etablering av klatrevegg/buldreveggÅndalsnes barneskole300.000

- Av dei 81,4 millionane, går 71,3 millionar kroner til ordinære anlegg og 10,1 millionar kroner til nærmiljøanlegg, fortel fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen i ei pressemelding.

Møre og Romsdal har den 7. høgste tilskotsramma i landet, og fekk i alt 288 spelemiddelsøknadar. Av desse vart 233 godkjent, og kultur- og folkehelseutvalet vedtok å gi støtte til 118 av søknadane.

- Talet på søknader viser at behovet for anlegg til idrett og fysisk aktivitet fortsatt er langt større enn det vi har midlar til. Sjølv om vi er nøgd med auken i årets tildeling av spelemidlar, ønsker vi oss alltid fleire godkjente søknadar, då dette påverkar den samla tildelinga til Møre og Romsdal, avsluttar Wedlog Olsen