Skyene har lagt seg over både Herjevatnet og heile åfarnesområdet når vi ein kveldstime er på vandring innover fjellet saman med Jo Herje. Vi går på grus. Det er ikkje så ofte ein gjer det i fjellet, men her er ei mil med vandresti grusa for at folk skal kunne vandre med tørre sko gjennom det våte myrlandskapet.

Vi er nesten åleine i fjellet denne junikvelden. Vi ser to på sykkel og vi høyrer banking frå ei eller anna hytte i nærleiken. Sauebjøller og ivrige fuglar dominerer landskapet og blir berre forstyrra av SAS som er på veg til Molde.

– Kvifor har du brukt så utruleg mykje tid og krefter på å få dette til?

Jo-Andre Herje svarar ikkje med det same. Han vil tenke seg om. Ja, kvifor har han gjort det? Han som frå før har meir enn nok å gjere og som synest eit døgn er kort nok frå før. Eit prosjekt til tre millionar kroner. Mange har skulda han for å ha mista vitet og at å bruke helikopter var langt, langt over målet.

Men så har det vore alle dei andre. Alle som har meint at ideen om å laga ein grusa sti rundt Herjevatnet har vore genial og ville gjere heile området til noko heilt nytt. Ein sti som vil nå nye målgrupper og som vil vere som ein magnet til å få folk til fjells.

– Ja, det har vore mykje arbeid, men eg er slik at når eg vil noko, så gir eg meg ikkje før vi har fått det til.

Jo-Andre fortel at det heile er Kåre Sandnes sin idé, onkelen hans som no nærmar seg 90 år. Første byggetrinn var ikkje ein gong heilt fram til vatnet. Dit kom byggetrinn nummer to. Jo-Andre snakkar om året 2010. Året etter, i 2011, fekk dei Tilgjengelighetsprisen for at dei, nettopp legg til rette for at mange ulike grupper skal kunne få gjere seg nytte av fjellet til tur og rekreasjon.

Og så vakka det heile på seg. Det var framleis Kåre Sandnes som ein gong sa at denne stien burde gå rundt heile vatnet og Jo-Andre tente med det same på ideen.

– Så vart det søknad på søknad og i 2012 den første søknaden om spelemidlar. I 2014 gjorde ei gravemaskin jobben rundt vatnet og laga traseen.

– Var det kontroversielt å gripe inn i fjellnaturen på ein slik måte?

– Ja, visse motkrefter var det, både frå grunneigarar og frå naturvernkrefter. Men ikkje meir enn kva som er bra og slik det både må og bør vere, seier Jo og legg til at i dag har alle motkrefter stilna. Jo-Andre høyrer ikkje anna enn skryt og lovord over stien som er blitt til.

– Denne stien opnar no heile området som eit nytt aktivitetsområde i fjellet, seier Jo-Andre og minner om at før stoppa klissblaut myr dei fleste frå å ferdast i området. Dei som gjekk, hoppa frå tue til tue og fann seg stadig nye spor. Mange meter med gjørmesår i terrenget vart resultatet og klissblaute og gjørmete sko var ein del av bagasjen heim.

– Tre millionar kroner. Tenkte du noko gong at dette ville blir for stort?

– Ja, men eg visste at folk ville stille og då Rauma kommune i fjor ville forskotere spelemidlane, fekk eg ny energi. Elles er det tungt med langsame prosessar i byråkratiet.

– Kva er det som driv deg til å gjere eit så stort arbeid?

Jo-Andre er framleis ikkje heilt sikker på kva han skal svare. Han innrømmer lett at han er rastlaus og vil at ting skal skje. Han innrømmer og lett at det å skape aktivitet og ein arena for sosialt fellesskap er viktig og han fortel at han blir svært inspirert av alle ja-menneske rundt seg som alltid stiller opp og som blir viktige brikker i eit så stort fellesprosjekt. Jo blir og trigga av målet om å få eit prosjekt gjennomført.

– Er du i mål no?

– Nei, no har vi søknad inne for å få forlenge stien over myrområdet opp mot Nesskaret. Då er vi nesten i Holmemdalen og Skorgedalen, seier Jo, framleis med energi i blikket. Han skjuler ikkje at ein kongstanke er det å knyte turområda i Skorgedalen og ved Herjevatnet saman og at det her skal bli gode stiar på sommaren og skiløyper på vinteren. I tilleg har dei søkt om å få bygge fiskebrygge med sti som er lagt til rette for rullestolbrukarar.

– Ser du at stien har skapt sår i naturen?

– Ja, når grusen er lys og alt er nytt. Men dette gror fort til og vi har teke på oss ansvaret med å halde stien ved like. Det er dessutan verdt å merke seg at vi har fått mange kompliment for korleis stien er lagt i terrenget. Her og fekk vi god nytte av kompetansen til onkel Kåre som har sitte eit langt liv i ei gravemaskin. Jo-Andre peikar og viser korleis stien snor seg rundt steinar og haugar i terrenget og korleis dei har lagt stikkrenner der vatnet samlar seg på det meste.

– Korleis vil du no at denne stien skal bli brukt?

– Mykje brukt av alle slags folk, seier Jo-Andre og tenker på sykkeltur rundt vatnet, på familiar med barnevogn, på joggeturar og turar med fiskestong og pause ved vatnet og på dei som må bruke rullestol.

– Kanskje kan vi skape ei ny form for turglede, ein tur for barnefamilien som ikkje vil ha tunge lier, seier Jo-Andre før han legg til eigen glede av å sykle frå heimefrå på Åfarnes, opp alle bakkane og så ta turen rundt vatnet før dusjen ventar heime etter ettermiddagens treningsøkt.

– Er du stolt over det du har fått til?

– Det er løgn om ikkje innrømmer det. Ja, og eg er aller mest stolt over alle bidrag som har gjort dette mogleg. Over alle som har stått på og over alle dugnadstimane. Det er heilt unikt. Det kom ein liten tåre då vi var ferdige med grusinga.

– Men du kjem aldri i mål?

– Dess lengre dess betre, seier Jo-Andre. Denne helga skal han sykle Trondheim-Oslo for femte gong. Deretter skal pengane dei no manglar, hentast inn. Mellom 100.000 og 150.000 kroner.

– De skulle vel nesten ha hatt ein pris for dette?

– Det var nokon som sa at vi no bør vere ein sterk kandidat til kulturprisen, smiler Jo-Andre Herje.

Jo Herje har sett seg ned, men kviler ikkje lenge. Han ser for seg eit samarbeid mor Skorgedalen. Foto: Stein Siem
Grusen har ikkje sett seg, men allereie har fleire prøvd sykkelen rundt vatnet. Foto: Stein Siem