Politiet åtvarar mot uvettig droneleik

Vil ikkje ha dronar over folkemengder på 17. mai.

FILE - In this Jan. 5, 2017, file photo, an exhibitor demonstrates a drone flight at CES International in Las Vegas. On Wednesday, May 9, 2018, federal transportation officials announced 10 sites for a three-year drone program aimed at increasing government and commercial use of unmanned aircraft. The sites are located in Oklahoma, California, Nevada, North Dakota, North Carolina, Kansas, Alaska, Virginia, Tennessee and Florida. (AP Photo/Jae C. Hong, File)  Foto: Jae C. Hong / NTB Scanpix

Nyheter

- Skulle ein drone falle ned i folkemengde som det finst mange av på 17.mai, så vil det lett kunne føre til alvorleg personskade. Derfor er det viktig at hobbypilotar held seg til reglane også denne dagen, seier stabssjef Thorry Aakenes  i Møre og Romsdal politidistrikt i ei pressemelding.

Politiet fryktar at nokon kan falle for freistinga å bruke dronar til fotografering i nærleiken av store folkemengder på nasjonaldagen og andre arrangement som konsertar.

Ifølge Aakenes er det heilt klare reglar for hobbyflyging med droner. Reglar som tek sikte på førebygge ulykker.

Her er Luftfartstilsynet fem hovudreglar for såkalla "droneleik" - det vil seie bruk av dronar på hobbybasis:

  1. Du skal alltid kunne sjå dronen og fly den på ein omsynsfull måte. Aldri fly i nærleiken av ulykkesstader.
  2. Ikkje fly nærmare enn 5 km frå lufthamner med mindre anna er avtalt.
  3. Ikkje fly høgare enn 120 meter over bakken.
  4. Ikkje fly over festivalar, militære område eller sportsarrangement. Hald ein avstand på 150 meter frå bygningar, folk og trafikk.
  5. Ta omsyn til andre sitt privatliv. Hugs reglane for bruk av foto og video av andre personar.

- Dei som driv med droneleik pliktar å gjere seg kjende med regelverket og at straffeansvar kan bli gjort gjeldande dersom det vert avdekka brot på reglane, framgår det av pressemeldinga.