Skrevet av Bjørn Morstøl.

Av og til vart Ståle Hatlen i si tid kalla Gullik. Han var ein friskus og arbeidde lenge utanom bygda.

Han var god i idrett, ikkje minst på skeiser, men han var ikkje så god som si dotter som vart svensk meister i orientering. Hans søster var heller ikkje borte, med ein NM-tittel i alpint.

Gjennom mange år var Ståle Hatlen ein av dei beste alpinistane i Isfjorden. Og før var aktiviteten ikkje som no. Den gong var det alpinrenn i Furulia ei rekkje gonger kvart år, og Ståle Hatlen var også ein av dei beste i kretsen. Men i Hatla vart han rett nok svært utfordra av Colin Hikky, som kanskje er det største idrettstalentet ein har hatt i Isfjorden. Og på eit tidlegare tidspunkt var heller ikkje Jan Bredeli og den no salige Ingard Hatlen til å spøkje med! Og Odd Kavli hadde vore NM-deltakar!

Ståle Hatlen var Ståle Hatlen, det er klart som dagen, og han kalle seg også meir enn gjerne for Hatlen når han var utanbygds, men ein annan alpinist som budde høgare oppe i terrenget, det var Ingard Hatla. Men ingen av dei hadde høg sigarføring.

På 1950-talet var grendeidretten nokså utbreidd i Isfjorden, og då hatlingane kom til Unhjem i 1957 - for å konkurrere i Kavlileikane "Nedpå med han Johan", ropa Ståle Hatlen, samtidig med at han var i ferd med å hoppe over eit piggtrådgjerde, at no skulle dei slå kavlingane. Men slik gjekk det ikkje. Ståle, som kom i spissen for hatlingane, gjekk på hovudet over gjerdet, og sjølv Colin Hikky, som var ein av dei to som fullførte 17 friidrettsøvingar på ein dag, måtte bite i graset. Men den gong ei, sa Tordenskjold!

Ståle Hatlen gløymde ikkje sine forne kameratar, og han var eit muntrasjonsråd til det siste.

Eg har medkjensle med familien og lyser fred over ein iherdig hatling sitt minne!