Leserbrev:

Mimring ved Nyår

Nils Valde ser tilbake på byggeprosessen og den første tiden på Rauma Sjukeheim.

Tidligere Rauma Sjukeheim har adresse Ørjavegen 36 i Isfjorden  Foto: Kjetil Svanemyr

Leserbrev

Sidan det er nyårsaftan, så må det bli mykje om Rauma sjukehein (Isfjorden turisthotel). I 25 år var eg fast på sjukeheimen saman med Sjukeheimens vener.

Eg veit ikkje om det alltid er ein fordel, men eg har lett for å gå 100% oppi det eg held på med, så lesaren må orsake meg dersom det vert mykje om Rauma sjukeheim.
Eg må difor ta med litt om oppstarten til sjukeheimen som eg av og til kjem attende til.
Det var nemleg slik då ein tok til å bygge sjukeheimar rundt om i fylket, så var det eit ansvar som var lagt på fykeskommunen. Det var ei nemnd som jobba for få sjukeheim i Rauma kommune også, men vi kom ikkje på prioritetslista. Dei frå Rauma som fekk plass på sjukehein, måtte til Eresfjorden der fylkeskommunen hadde ein sjukeheim.

Eg kjende nokon frå Rauma som måtte fare den lange vegen for å vitje son sin som hadde fått plass der.
Men så ville fylkeskommen ta eit «krafttak» med bygging av fleire sjukeheimar på ein gong. Dei ville bygge fleire like sjukeheimar, d.v.s. det var to typar, den eine med 60 senger og den andre med 30. Men sengefløyane var like. Det skulle vere 60 senger i Ulstein, 30 senger på Sjøholt og Vigra, og så fekk vi tilbod om å vere med med ein sjukeheim med 60 senger. Vi sa sjølvsagt ja, men vi hadde ikkje tomt. Det måtte vi skaffe dersom vi ville vere med!

Skulle eg skrive om heile den kampen, så ville det ikkje bli plass til meir. Men alle var einige om at vi måtte bygge på Åndalsnes. Vi var difor på leiting etter ei tomt der. Dette var midt oppi starten for å bygge ungdomsskule på Åndalsnes, og dei hadde starta opp med plattformbygging på Øran Vest. Så det var stor aktivitet i kommunen. Vi stod no att med to valg, det var tomta på Nesjordet, ved Samvirkelaget, og ei tomt i Kammen, vest for der Wonderland ligg i dag. Ved avstemminga i kommunestyret var det tomta i Kammen som fekk fleirtal. Eg ville ha sjukeheimen ved Samvirkelaget, og stemte for det. Vi som stemte for å bygge ved Samvirkelaget, tok protokolltilførsel , slik at alle kunne sjå kva vi stemte for.

Vi måtte få litt meir kunnskap om kva som skjedde på byggeplassen for oljeplattformer.
Mange av oss meinte at det ikkje var mogeleg å bygge så nær plattformbygginga.
Eg hadde i mellomtida blitt valgt til formann i byggenemnda for sjukeheim. Svein Tjåland som var lege i Fræna, vart valgt av fylkeskommunen til å vere med i byggenemnda. Vi inviterte oss til Stavanger for å sjå korleis bygginga i Hillevågen ved Stavanger gjekk føre seg, og korleis aktiviteten var der dei bygde plattformene. Det var formannskapet saman med Svein Tjåland og Odd Grøtta,som var kontorsjef som det heitte då, som var med.

Eg må ta med litt om turen dit. Vi køyrde frå Åndalsnes tidleg om morgonen for å ta morgonflyet frå Vigra. Vi fylte opp to bilar. Eg sat på med Lars Ramstad. Men då vi var komne ut i Brusdalen, stoppa bilen som vi sat i, og tida for at flyet skulle gå, nærma seg. Lars måtte då ringe etter drosje for å ta oss til flyplassen og samtidig få tak i ein bilverkstad som kunne hente bilen, få han reparert, og få bilen til flyplassen til vi kom att om kvelden. Drosja kom og vi nådde flyet, og då vi kom att om kvelden, stod bilen der!

Vi brukte dagen i Hillevågen, og fekk nyttig omvising. Vi var også på eit hotell i Stavanger og hadde formannskapsmøte der. Det er sikkert den einaste gongen Rauma formannskap kjem til å ha møte i Stavange! Kommunen heldt framleis fast på tomta i Kammen. Men då vi skulle få godkjenning hos helsedirektoratet, fekk vi svaret; at dei hadde aldri høyt om at nokon bygde sjukeheim i eit industriområde!
Då stod vi der utan tomt, og med ei fylkeskommune som stod ferdig til å bygge utan kostad for oss. Vi måtte difor til å leite på nytt. Vi fann ikkje nokon annan stad enn tomta i Isfjorden. Somme kalla området der tomta var, for «Finnmarka». Det var vel dei som syntes at dersom vi ikkje fekk bygge på Åndalsnes, så kunne det berre vere det same med heile sjukeheimen!

Men vi som hadde fått oppdraget med å bygge sjukeheim, gjekk inn for det for fullt. Vi vart eit godt team, som også vart gode vener. Sjukeheimen vart bygt og eg fekk, ja, eg veit ikkje om eg skal kalle det belønning eller straff. Men då eg stilte til valg neste gong, vart eg fullstendig stroken ut. Eg var ikkje på noka varamannliste ein gong. Eg fekk skulda for at sjukeheimen var komen att i Isfjorden. Eg fekk dermed 4 friår frå kommunale verv.

Det er litt rart å tenke på det: Eg er den einaste av byggenemnda som lever att. Den siste som forlet oss, var Ole Myklebostad. Han vart ein svært god medarbeider i nemnda. Som fagmann gav han mange gode innspel. Det varma meg då eg var ute for ei ulukke mange år seinare, då var Ole ein av dei første som ringde til meg for å høyre korleis det gjekk.

Eg syntes at det var lærerikt å vere med i nemnda. Vi hadde også ei anna nemnd som bestod av alle formennene i dei sjukeheimane som skulle byggast samtidig. Då møttest vi anten på arkitektkontoret i Ålesund elles på sjukehuset på Åse. Eg fekk også ekstra mykje med sjølve bygginga å gjere. Vi skulle kjøpe byggeleiing hos Rauma kommune. Men det fungerte ikkje, så eg måtte inn og ta ein del avgjerder under sjølve bygginga. Det var firma A. Moen i Måndalen som vann tilbodet om å bygge sjukeheimen. Det var Ingebrigt Bøe som var deira byggeleiar. Når det var noko som var uklart, så ringde han til meg og vi kunne løyse problemet i telefonen eller eg måtte ta ein tur inn på byggeplassen. Eg var på repøving den hausten vi tok til å bygge, og då fekk eg telefonar frå Ingebrikt medan eg var på rep. oppe i Trøndelag. Eg lærde han å kjenne som ein grei og effektiv abeidsleiar.

Sjukeheimen kom til å ta mykje av mi tid over fleire år. Ja, eg kan vel seie eg fekk eit spesielt forhold til Rauma sjukeheim, ikkje minst på grunn av det nære samarbeidet eg hadde med Einar Mjanger, som vart den første styraren. Eg var formann i styret så lenge fyleskommunen hadde ansvaret.

Sjukeheimen vart innvia med sor festivitas. Der var mange gjestar både frå Rauma og fulkeskommunen. Formennene for dei andre sjukeheimane som vi bygde saman med, var også inviterte. Eg trur Rauma sjukeheim var den første som vart innvia, eg var i alle høve på innviinga i Ulstein etter at vi hadde hatt vår fest. Det var fylkesordførar Kjell Furnes som stod for sjølve innviinga. Eg hadde laga ein stor brunbeisa nøkkel som gjekk på rundgang frå byggar, eigar og sist til brukar. Nøkkelen vart seinare hengande på kontoret hans Einar Mjanger.

Vi fekk også mange fine gåver til innviinga, eg har av og til lurt på kvar det har blitt av dei. Kanskje dei er på «Isfjorden turisthotell»? Det var fleire bilde, og mellom anna fekk vi ei stor fin utskoren golvklokke som vart plassert i stua til høgre for hovudinngangen. Difor fekk denne stua namnet «klokkestua». Det vart slik at etter kvart vart denne stua brukt som samlingsrom når ein hadde besøk, og når nokon hadde fødselsdagar. Det var ofte trangt, stua skulle ha vore litt større. Då var det nokre eldsjeler som sette i gang innsamling for å utvide rommet. Eg gjer kanskje nokon urett dersom eg nemner namn, men eg veit at Jarle Horgheim var ivrig for denne utvidinga.
Når eg sit og skriv og hugsar tilbake til denne tida, så er det nesten som eg må seie med A. O. Vinje:» Det strøymer på meg så eg knapt kan anda»!

Alle julafta så lenge Einar Mjanger var styrar, var vi heile familien på sjukeheimen. Då var det sett opp juletre føre inngangen til avdeling A. Der gjekk vi rundt juletreet, mange vart trilla i rullestol. Dei hadde lært julesongane i barndommen, så mange kunne dei utanatt. Eg hugsar spesielt ein mann som vart trilla i rullestol. Han kunne alle versa og sang av full hals. Mange pårørande var også med på festen. Før vi reiste heim for å fortsette feiringa heime, samlast vi på personalrommet til kaffi og noko attåt. Dette er julekveldar som vi minnest med stor glede. Det vart ein fin start på jula!

Etter at vi hadde vore på sjukeheimen mange år på julaftan, gjekk det over til at eg var der på nyårsaftan. Då var det «Sjukeheimens vener» som stod for samlinga. Kvart år når vi var komne uti advent, ringde Lilly Heggem og sa: «Du veit sikkert kva eg vil?» Og då visste eg at det var spørsmål om å vere med på sjukeheimen om nyårsaftan.

Det vart 25 nyårsaftanar saman med «Sjukeheimens vener». Det var Lilly Heggem som var leiar for «Sjukeheimens vener», og ho leia festen. Johannes Kavli var trufast alle år ved pianoet. Han leika fram dei finaste tonane ved sida av at han spela til songane vi song saman. Mange pårørande hadde også møtt opp, så salen innfor inngangen på det som før vart kalla A, var heilt full. Det hende at nokon vart trilla ut med senga si, eller dører stod opne til rom ved sida av. Det såg ut som der var berre glade menneske, så det vart verkeleg feststunder.

Dette er også stunder som eg har samla i kransen av gledestunder. Det er somme av samlingane eg hugsar betre enn andre, f. eks. då vi gjekk over til eit nytt hundreår, og mange var samla til markering på Åndalsnes, medan vi feira på sjukeheimen.
Etter som festen gjekk mot slutten, samla mange av oss inne på Klokkestua til kaffi og prat. Der var det store vindauge ut til plassen vest for sjukeheimen. Ute på plassen der sende Per Tennfjord opp rakettar så lenge han var med i Sjukeheimens vener.
Ja, vi har mykje å gle oss over i fortid og notid!