Lesarbrev

Post påske

Sølvi Lundin.  Foto: Evy Kavli

Leserbrev

Like før påske vart det annonsert at kyrkjedørene skulle stå opne ein time eller to i nokre av kyrkjer i påskeveka. Dette skulle på eit vis erstatte påskegudstenestene, og vere ein møteplass der ein hadde «lov til å møtes». Av alle merkelege påfunn i desse koronatider, måtte dette vere eitt av dei underlegaste.

Dei som kjenner den kyrkjelege grasrota i Rauma, ville straks skjøne at det ville bli tomt mellom benkeradene. Vi ville straks tippe at i Holm kom det ingen, i Grytten kanskje tre og i dei andre kyrkje omtrent same antall med unntak av Hen der ein kunne komme opp i cirka ti. Kva skulle vere så bra med ei open dør? Kvifor ikkje halde gudstenester som kyrkja har som si hovudoppgåve? Ein kan ikkje berre skulde på pandemien. Det er «lovleg» med gudstenester for inntil 20 personar, og i gravferder for opptil 50. Kyrkja er Herre i eige hus.

Det var fullt mogleg og forsvarleg å feire påskegudstenester i 2021. «No problem» med avstand og handsprit. Truleg ville det i ingen av kyrkjene i Rauma kome fleire enn 20 kyrkjefolk. Det er det vanlege utanom dåpsfølja. Kyrkja har eit oppdrag og kan ikkje berre avvikle.

Det er minst ein mannsalder sidan det var stor kyrkjesøkning i påska her på Berget. Det norske folket er heilt andre stader på denne tida av året, og opptekne av heilt andre tema enn påskebodskapen. No er i tillegg mange blitt passiviserte og tiltakslause. Her har kyrkja ein god «medisin». Heilt gratis. Påska er høgsesong, og særs viktig i krisetider.

Etter aktiv leiting etter ei påskegudstenese i Rauma, Lesja og Gjemnes, fann vi til slutt ei lita katolsk kyrkje i Ålesund som ønska oss velkomne. Der var det gjerne fire messer på ei påskeveke! GOD PÅSKE! Påska varer heilt til pinse.