Lesarbrev

Nye Vegar AS og Statens vegvesen

Anleggsarbeid ved Horgheim E136  Foto: Per-Kristian Bratteng

Leserbrev

Vurderingsrapport om Nye Vegar AS – utarbeidd av NTNU, Concept-programmet – vart presentert i november i 2020 med tittel «Lykkes Nye Veier med å redusere utbyggingskostnaden i sine prosjekter?». Mange personar har kanskje fått den oppfatninga at Nye Vegar AS har redusert utbyggingskostnaden med 20 % etter at dei tok over anlegget frå Statens vegvesen (SVV). Ei slik samanlikning er vanskeleg, for kva for planstatus samanliknar ein sluttkostnaden mot? Ifølgje rapporten har Nye Vegar AS til no redusert kostnadene i prosjekta sine med 20 % samanlikna med det såkalla nullestimatet i 2015, kostnaden (med eitt unntak) har i gjennomsnitt gått opp med 20 % etter at KS1 (kvalitetssikring nr 1) var gjort (på kommuneplan-nivå) og «løpemeterprisen er på linje med andre vegprosjekter, men reell sammenlikning krever mer forskningsmessig stringent tilnærming». (Sitat frå rapporten).

Overrasket over at Vegvesenet byttes ut med Nye Veier

Rauma-ordfører Yvonne Wold er overrasket over at Statens vegvesen ikke får fortsette med E136 og krever at det overfor Nye Veier stilles krav om en tidsplan for utbygginga.


I rapporten står det elles bl.a. at «Selv om kostnadsutviklingen i Nye Veiers prosjekter foreløpig er positiv, skal vi uansett være varsomme med å konkludere fullt ut med at Nye Veier har redusert kostnaden i sine prosjekter».

Sjefsingeniør i Statens vegvesen, Svein Solbjørg (til høyre). I bakgrunnen Helge Orten.  Foto: Anders Hagen

Nye Vegar AS har ein klar fordel ved at dei har ei anna finansiering, og derfor kan setje ut på tilbod større samanhengande prosjekt enn SVV ofte har høve til. Men treng totalkostnaden å bli lågare? Val av kontraktsstrategi vil kunne få mykje å seie for kva resultatet blir. Sjå her også til diskusjonane om kontraktsstrategi for bygging av nytt sjukehus på Hjelset. SVV burde administrere utbyggingsprosjekta billegare enn Nye Vegar AS, etter som SVV truleg vil bruke langt mindre relativt kostbare konsulenttenester. Ut frå mine enkle vurderingar burde det derfor - under elles heilt like vilkår - ha vorte om lag same totalkostnaden enten det er Nye Vegar AS eller SVV som styrer entreprenøren.

Nye Vegar AS skal visstnok berre prioritere etter samfunnsøkonomisk lønnsemd. Men mange element når det gjeld nytte og ulemper ved ein veg, kan ikkje verdsetjast i kroner, dvs. ein har mange ikkje-prissette konsekvensar (m.a. miljøfaktorar). Dessutan må krav til ein minstestandard for ein veg (eksempel tunnelhøgd) vege tungt, sjølv om aktuell utbyggingsparsell kjem dårleg ut i slike for snevre samfunnsøkonomiske berekningar.

Nye Veier om E136: – Vi er klare

– Det må være en kortslutning et sted. Er det noen som mener at E 136 er et for dårlig prosjekt?


Å finne det beste kompromisset mellom alle omsyn ved vegplanlegging er viktig, men dette kan vere vanskeleg når motsetnadene mellom partane er store. Lover og retningslinjer må følgjast, og det kan føre til lange og tidkrevjande diskusjonar før ein etter relativ lang tid får godkjent vegplanen, og då kanskje med løysingar som kan vere urimeleg kostbare.

Er Nye Vegar AS etablert for å få effektivisert planleggingstida for vegprosjekt og samtidig vere mindre innstilt på plankompromiss for dermed å få ned kostnadene? Slik eg tolkar avisene har Nye Vegar AS på E6 sør for Trondheim no pressa kommunen til å sløyfe eit tidlegare vedtatt toplanskryss (kanskje er det fornuftig), og det har vore innkalling til folkemøte med få timars varsel, med det mål på kort tid å få endra vedtatt vegplan for å få redusert kostnadene ytterlegare.

I § 9 i veglova står det at «Departementet kan gi føresegn om at styremakt som Statens vegvesen har til å gjere vedtak som gjeld utbygging, drift og vedlikehald av bestemte riksvegar, skal leggjast til eit statleg utbyggingsselskap for veg». Eg kan ikkje sjå at det til no er gitt slike føresegner/forskrifter for «bestemte riksvegar», sjølv om Nye Vegar AS har fullført strekningar. Etter denne paragrafen kan Nye Vegar AS få vegstyresmakt for dei parsellane som dei skal byggje, og «stå for drift og vedlikehald av vegen i minst ti år etter at han er opna for trafikk», sjå veglova §21. Statens vegvesen vil vere vegstyresmakt for resten av vegstrekninga.

E136 Dombås-Vestnes vil truleg få 6-7 anleggsparsellar med lengd frå under 500 m til 7-9 km, totalt 15-20 km, svarande til 10-15 % av heile lengda på 150 km.

– Vi har ventet lenge nok og utbedringen er allerede på overtid

Mener spaden for ny E136 må settes i jorda så snart som mulig.


Drift/vedlikehald av E136 kan dermed bli ei utfordring, dersom det blir endeleg vedtatt at Nye Vegar AS får tildelt denne vegen. Så vidt eg veit har Nye Vegar AS hittil berre bygd lengre samanhengande strekningar, og deretter har dei eit «helhetlig og varig ansvar for de riksveger vi har bygd» (sjå heimesidene til Nye Vegar AS).

Kven skal drifte og vedlikehalde E136 der kanskje berre 10-15 % blir bygd om/utbetra av Nye Vegar AS, mens resten er «gamle» vegvesen-vegar? Konsekvensar kan bli:

  1. Nye Vegar AS må samarbeide med SVV om driftskontraktar på strekninga (bl.a. brøyting, vegoppmerking, skilting).
  2. Nye Vegar AS må etablere eit team som skal gjere nødvendige inspeksjonar av sine strekningar fleire gonger i veka (i minst 10 år, sjå veglova §21)
  3. Nye Vegar AS er ansvarleg for å behandle graveløyver, skader på naboeigedomar til vegen (brøyteskader, vasskader) m.m. for strekningane sine.
  4. Fleire eigarar av naboeigedomar langs vegen kan kome til å ha to vegstyresmakter å forhalde seg til, noko som kan skape problem.
  5. Dersom kapittel V (om byggverk m.m.) i veglova blir delegert, må Nye Vegar AS behandle saker som blir omfatta av dette. Skjer dette, blir vel konsekvensen at Nye Vegar AS også må behandle alle typar arealplanar som blir utarbeidd av kommunar (og evt. andre), og som grensar til dei utbyggingsstrekningane som Nye Vegar AS måtte få.

Styresmakta etter skiltforskrifta er lagt til Statens vegvesen, og det gjeld både for riks- og fylkesvegar. Dette gjeld også for mellombels skilting som arbeidsskilting. Dvs. at Statens vegvesen skal godkjenne dei skiltplanar som Nye Vegar AS og entreprenørar utarbeider for veganlegga sine.

– Heilt vekkasta å gi Vegvesenet jobben

– Den sikraste måten å få utbetra E136 mellom Vestnes og Dombås er å gi oppdraget til Nye Veier AS, samstundes som Nye Veier får ansvaret å bygge E39 Ålesund-Molde, seier Frank Sve (Frp).


Etter vurderingane mine – særleg ut frå omsynet til drift og vedlikehald av vegen – burde Nye Vegar AS sine utbyggingsprosjekt ha svært høg standard (vere heilt avkjørselsfri, ha toplanskryss) og omfatte relativt lange samanhengande strekningar (kanskje minst 40-50 km). Å la Nye Vegar AS byggje korte parsellar på vegar som E136 vil kunne bli ei utfordring både for drift og vedlikehaldet av vegen og for grunneigarar og kommunar langs vegen.