Leserbrev:

Løysinga for handelslekkasjen er Romsdalsaksen!

Løysing: Innskrivaren meiner at Romsdalsaksen er den beste løysinga for handelslekkasjen mot Sunnmøre som følgje av at bommen på Tresfjordbrua forsvinn.  Foto: Per-Kristian Bratteng

Leserbrev

GRATIS TRESFJORDBRU skaper angst i Rauma for handelslekkasje ut av Romsdal, skriv Åndalsnes Avis. Løysinga er Romsdalsaksen!

Oppskrifta på å demme opp for den forventa handelslekkasjen til Sunnmøre etter at det blir gratis over Tresfjordbrua er, som redaktøren i Åndalsnes Avis seier, snarleg å få bygd ei bru over Langfjorden. Og den løysinga som vil gi den maksimale effekt i så måte er å kombinere Langfjordbrua med Romsdalsaksen. Då vil alle delar av Rauma kommune få den kortast mogelege reiseveg til både sjukehus, flyplass, gjensidig arbeidsmarknad og handelsbedrifter. Næraste sjukehus blir då nyesjukehuset på Hjelset, og vegstandarden dit blir så god som mogeleg med ny veg Sølsnes-Lønset-Hjelset, inklusiv bru over Fannefjorden, og flytebruer Hjelvika-Sølsnes. Då blir gratis Tresfjordbru ein bonus for andre føremål. Sjå på kartet, og prøv å finne motargument! Ny Europaveg 39 eller framleis den gamle Fylkesveg 64?