Lesarbrev:

Om å banne i kyrkja

Ideen om å selje delar av Rauma Energi vart lufta under førre formannskapsmøte. Det meiner innskrivar er ein særs dårleg ide.  Foto: Per-Kristian Bratteng

Leserbrev

Det var med stor undring eg las om politikaren i Rauma som endå ein gong vil lufte tanken om å selje deler av Rauma Energi.

Det er fleire måtar å bli varm i buksa på når ein frys, men det er i alle fall ein måte at varmen varer svært kort, og så blir det så ubehageleg etterpå!

Eg såg at vedkomande var inne på at det var som å banne i kyrkja. Men eg vil seie at det er mykje verre. Dersom du skulle vere uheldig og banne i kyrkja, så kunne du be om tilgjeving, og du ville få det. Men dersom ditt initiativ ville føre til at heile eller deler av Rauma Energi vart selt, så kunne du aldri få tilgjeving.

I tida etter den nye energilova kom, bles det ein sterk høgrevind over landet. Det var då «blåskjortene» tok plass i leiinga for mange av kraftselskapa. Mange rekna berre i noverande kroner og øre, utan å sjå verdiane på lang sikt. Ein del kom fram til at det var klokast å selje deler eller det heile. Det hende også at det vart fleire salg slik at den første eigaren kom i mindretal. Somme fekk då nærmast panikk og prøvde å få kjøpe attende.

Eg lærde mykje dei åra eg fekk vere med i styret for Rauma Energi, men eg trur det viktigaste eg lærde var at her må ein tenkje langsiktig. Den som ikkje har evne til å tenkje langsiktig, bør helst ha fingrane langt borte frå det som har med kraftproduksjon å gjere.
Her vil eg oppmode alle noverande politikarar å lese litt om historia til kraftverket vårt. Grytten kommune som planla utbygginga oppe i Romsdalen, vart tilbydd billegare straum frå Tafjord, men dei avslo. Dei ville bygge ut sitt eige kraftverk. Då det vart underskot dei første åra, var dei villige å bruke pengar frå kommunekassa for å dekke underskot. Det er dette vi får hauste av no over hundre år seinare.

Då vi tok til å planlegge den siste utbygginga av Verma, var det mange som misunte oss. Vi hadde kontakter frå somme som gjerne ville vere med. Eg trur det var heldig at vi ikkje opna for ein slik diskusjon.

Det finst ikkje noko som gjev så langsiktige verdiar som utbygging av elektrisk vasskraft. Desse verdiane må vi ikkje skusle bort!