Leserbrev:

Langfjorden + Romsdalsaksen = Sant

Slik kan ei bruløysing over Langfjorden bli sjåande ut.  Foto: LMG Marin

Leserbrev

Det gler meg at Langfjordsambandet no ser ut til å få vind i segla som overflateløysing, og interesse til og med frå svorne undervasstilhengjarar som Reistad og Orten! No har eg vel ein mistanke om at interessa frå einskilde skuldast meir enn berre eit mogeleg fergefritt samband over Langfjorden, og noko anna enn ei brå oppvakning frå ideen om å køyre dei lange tunnelane i Møreaksen. Nei, dei har nok lært seg at det er mogeleg å ha to tankar i hovudet samstundes: Undersjøisk er perfekt for Møreaksen, og oversjøisk er (om sider!) perfekt for Langfjorden! Men det snik seg likevel inn ein mistanke om at einskilde (ingen nemnt, ingen gløymd) trur at dei kan bli kvitt ein masete konkurrent til Møreaksen ved å få etablert Langfjordsambandet. Er det heile berre utslag av vikarierande argument? Dette viser kor forskjellige vi er, og kor forskjellig vår hjerne fungerer. For mi hjerne fungerer slik:

Fylkesvegprosjektet Langfjordsambandet gjer ikkje Romsdalsaksen overflødig mot E6 sørover, men Romsdalsaksen og Langfjordsambandet kompletterer kvarandre: Romsdalsaksen skaffar bru over Fannefjorden, så det ikkje blir behov for nytt løp i Fannefjordtunnelen, og sparer fylket for store summar. Romsdalsaksen skaffar ny effektiv veg utanom busetnaden på Skålahalvøya. I tillegg til å eliminere behovet for ei oppgradering av fylkesveg 64 på Skålahalvøya, kan Romsdalsaksen redusere behovet for ei kostbar oppgradering av fylkesveg 64 Åfarnes-Åndalsnes grunna oppgradering og mogeleg innkorting av E136 «Eksportvegen». (Eg satsar på at det er større sjanse for at Staten tar dei aktuelle oppgraderingane og effektiviseringane av vegane enn eit økonomisk stressa fylke.)

I tillegg til å skaffe ein raskare reiseveg frå Nordmøre og Romsdal til Åndalsnes via Langfjordsambandet, blir også ferda tryggare med komboen Langfjordsambandet/Romsdalsaksen. Ein slepp å køyre den bratte (inntil 10% stigning) og fuktige Fannefjordtunnelen, som overraskar bilførarane med kondens på vindauga. Reisetida Nordmøre-Åndalsnes blir også redusert ved at ein slepp omvegen via Fannefjordtunnelen.

Så Orten, Reistad & co må gjerne setje fokus på overflateløysingar! Det er eit lurt trekk og eit klokt val! I staden for at Langfjordsambandet blir byggjetrinn 2 etter Romsdalsaksen, kanskje kan det bli det som initierer Romsdalsaksen? Ulempen med den rekkefylgja er at Langfjordsambandet då ikkje kan bli ein integrert del av Romsdalsaksen. Så det beste for Langfjordsambandet ville vere at Romsdalsaksen vart bygd først.

Eg hevar glaset for dei tålmodige og standhaftige forkjemparane for ei overflateløysing over Langfjorden. Fornufta sigrar ofte til slutt! Kanskje smittar dette av til andre delar av fylket? Lukke til!

Lars Valderhaug
Tustna