Innlegg i skuledebatten

Nils Valde.  Foto: Privat

Leserbrev

Det kriblar litt i fingrane når eg atter ein gong les om ny debatt om skulestruktur. Det er med stor glede og beundring eg les om dei som engasjerer seg for å behalde skulen i bygda si. Det har vore mange slike kampar gjennom åra. Eg hugsar kor glade dei var elevane frå Innfjorden som kom på kontoret og gav meg ei fin rosemåla sleiv då vi hadde bestemt at det skulle byggast ny skule i Innfjorden.

Eg vil gi stor honnør til dei som har stått på for å behalde Åfarnes Oppvekstsenter. Dei har forstått kor mykje ein skule har å seie for å få eit godt bygdesamfunn.

Ein må berre ta hatten av for dei som har stilt midlar til disposisjon for å bygge ny skule i Måndalen. Det viser kor mykje dei er villige til å ofre for å behalde skulen sin. Skulen er ein sentral del når ein skal bygge opp og sikre eit godt lokalsamfunn. Skulen verkar samlande og vitaliserande. Til de i Måndalen som tek opp kampen denne gongen vil eg berre seie: Stå på!

Det er fantatisk kor mykje mange vil ofre for å få eit sterkt og godt fungerande lokalsamfunn. Det gjeld ikkje berre skulen, men alt det andre som skjer i tilknyting til skulen. Ein kan berre sjå det store dugnadsarbeidet som blir lagt ned her på Åfarnes.

Men det er ein ting som Rauma kommune må gripe fatt i, og det er ordninga med fritt skulevalg. Det kan ikkje vere rett at nokon jobbar og står på seint og tidleg for å prøve å styrke skulen og gjere lokalmiljøet attrativt for å få nye til å slå seg ned i skulekrinsen, og så er det nokon som ikkje viser solidaritet, men sender elevane sine til ein annan skulekrins. Det vanlege har alltid vore at dei som bur i krinsen, nyttar grunnskulen som er i krinsen.