Lesarbrev

Svar på lesarbrevet til Renate Soleim

Måndalen skule.  Foto: Stine Vandevjen Olsen

Leserbrev

Tysdag 01.09. stilte leiar i Rauma Høyre, Renate Soleim, spørsmål om det er riktig å bruke 3 millionar i året ekstra for 25 ungdommar i Måndalen.


Svaret på det er sjølvsagt ja!

Soleim peikar på at det verken er forsvarleg eller økonomisk å byggje ungdomsskole i Måndalen. Først og fremst skal det ikkje byggjast noko ungdomsskule i Måndalen, men han skal renoverast. Som folk flest veit, så står bygget allereie her.

Soleim trekk også fram at SSB har kome med ei dyster framskriving av folketalet i Rauma, og at dette inneber at elevtalet på ungdomsskulen i Måndalen vil gå ned. Ho seier ikkje nokon ting om at elevtalet på ungdomsskulen peikar oppover etter nokre år med nedgang. Å ta med det ville sjølvsagt ikkje styrka argumenta hennar. At nokre foreldre i Innfjorden har valt å sende ungdommane sine til Åndalsnes er ikkje ein stigande trend så vidt vi veit. Vi går derfor ut i frå at Soleim har prata med foreldre og føresette i Innfjorden, og at desse har bekrefta at deira ungdommar skal gå på ungdomsskule på Åndalsnes dei neste åra. Vi har nemleg høyrt det motsette, samt at ein renovert ungdomsskule i Måndalen vil vere tiltrekkande for Innfjordselevane.

I likskap med Rauma Høyre er vi lærarane også opptekne av det faglege tilbodet i skulen. Vi er ein ungdomsskule med kompetanse i dei aller fleste fag, og det har så langt ikkje vore problematisk å rekruttere lærarkompetanse i dei ulike faga. Faktisk er vi i Måndalen så opptekne av det faglege tilbodet på skulen, at vi har fire lærarar i vidareutdanning i år.

Det er ikkje vanskeleg å forstå bodskapen i lesarbrevet; Renate ønskjer ikkje ungdomsskule på sørsida. Problemet her er i første omgang at ho kjem med argumenta sine litt for seint. I andre omgang er ikkje argumenta baserte på fakta. Det er dessverre ikkje første gongen Soleim forsøker å bruke usanne argument for å fremje eigne- og partiet sine meiningar. Så kjære Renate Soleim; ver så vennleg og sjekk fakta før du skriv lesarbrev neste gong!

Hjarteleg helsing frå dei som er over snittet opptekne av det faglege tilbodet i skulen,

Pedagogane på ungdomsskulen i Måndalen