Lesarbrev

Drøyme og strøyme og 17. mai 2020

17. mai-feiring på Veblungsnes.  Foto: Privat

Leserbrev

Draum ligg meg nærast å nøre. I desse tider er opplevingar frå tidlegare 17. mai-dagar, med alt liv og fargar og levande musikk, lett å drøyme om. Opplevingar som ein ser tilbake på som ein draum, og som ein ynskje let seg oppleve igjen.

Min fyrste feiring av 17. mai opplevde eg om bord på Bergensfjord, passasjerskipet til The Norwegian American Line, og det var dagen før eg gjekk i land i Kristiansand i 1960. Det er 60 år sida. Eg skjønte lite av feiringa.

Den følgande 17. mai marsjerte eg i sjølvbrodert Vågstranda-bunad, i fremste rekke av Veblungsnes Musikkforening. Og spelte klarinett «bak» den bratte ryggen til Kristian Brevik. Toget gjekk frå leikeplassen på Veblungsnes, og til slutt tvers over Setnesmoen og med flagga vaiande inn i Sjukehusskogen. Nå skjønte eg meir av festen. Og av alvoret. Og det var stor stas å vere Norsk-Amerikanar og ein del av så fin ein dag i Romsdal. Nett Romsdal.

Det skulle gå mange, mange år før eg igjen spelte i 17. mai-tog. Då eg begynte på igjen, hadde ikkje Veblungsnes eit eige korps for lenger og derfor ble eg med i Åndalsnes Musikkforening. Nå var den unge guten med kornett som spelte med oss på Veblungsnes i 1960-61, blitt ein langstrakt mann og dirigent. Men framleis kunne me marsjere same ruta ilag frå Rauma Ullvarefabrikk til Sjukehusskogen.

No er eg for gamal og ustø for å marsjere. Men når eg draumar tilbake på tidlegare 17. mai-dagar, er det ingen stund som kan skinne som den stunda då korpsdagen starta. Å vere korpsmedlem og møte opp på Realskolen igjen, kl. 06.45 om morgonen 17. mai, få høyre drønn av salutten frå fjell både på Veblungsnes og Åndalsnes, betrakte haldninga til dirigenten Arne Ottar i ÅMF-uniform og følge hans takt og tonar heilhjarta gjennom Ja vi elsker, mellom blomande hagar, gjennom Gud Signe.., og alle marsjane, ...før frukost... då hadde «my corona May-dream come true»! Speidarane var der i drakt, ved bautaen, og viste ære og respekt og marsjerte av garde med oss. Då eg var så heldig å få spele i fremste rekke, hadde eg god utsikt til flagga og fjelltoppane over. Skulle ikkje ein då kjenne djup respekt og takksemd og kjærleik? Er ikkje det derfor me går i tog 17.Mai?

Det var eit godt og inspirerande forbilde. Det var «live» og ikkje «stream». Det var verdt å vera med på. Det er verdt å ta vare på. I dag er det draum med stor resonans. Og svært levande i år, 2020; året då covid-19, og ikkje ein norskamerikanar, kom for fyrste gong til Noreg.