Debattinnlegg:

Vågstranda – så e de på `an igjen …

Vågstranda skule.  Foto: Tormod Lien

Leserbrev

På kommunestyremøtet torsdag 04.04.19 skal det gjerast vedtak om den vidare skjebna til Vågstranda skule. Skulekretsen Vågstranda er allereie nedlagd. Etter det eg har forstått, skal politikarane avgjere om Vågstranda skule skal drivast fram til det står nytt skulebygg i Måndalen som først vedtatt, eller om skulen berre skal bestå til og med skuleåret 2019-20.

Eg ynskjer å komme med ein del opplysningar i høve den vurderinga som då skal gjerast.

I starten av januar fekk vi vite av skulesjefen at sørsida må skjere ned ei lærarstilling. Rektor og avdelingsleiar fekk forsikringar om at det var dette løftet sørsida måtte ta, ikkje noko meir.

Elevtalet på Vågstranda går ned, og vi såg det derfor som rimeleg at vi her hos oss må ta vår del av nedskjeringane ettersom skulen generelt i Rauma må kutte i budsjetta som følgje av overforbruk i andre sektorar.

Skulen er strypt i alle delar av kommunen etter det eg forstår.

Plutseleg, 04.03.19 vart avdelingsleiar og eg som arbeidsplasstillitsvald, informert av rektor om at Vågstranda skule må skjere ned ytterlegare ei lærarstilling. Dette hadde skulesjefen gjeve beskjed om til rektor.

Dette ser vi på som ei umogleg oppgåve. Vi kan ikkje undervise 1.–4. kl. i lag og 5.–7. kl. i lag i alle timar utan moglegheit til å få nokre delingstimar i basisfaga matematikk, engelsk og norsk.

Skulesjefen vart oppmoda om å kome til skulen på eit møte, noko ho også gjorde.

Eg sa at eg trudde det var politikarane som skulle leggje ned Vågstranda skule og ikkje skulesjefen, for dette kjennest som ei sniknedleggjing.

Er ikkje ungane på Vågstranda like mykje verde som andre elevar i kommunen og har krav på eit tilnærma likeverdig tilbod? Skulesjefen er opptatt av lærarnorma, naturleg nok.

Det er vedtatt sentralt at frå hausten 2019 skal gruppestorleiken vere 15 elevar på 1.–4. steg og 20 elevar på 5.–7 steg. Dette kravet greier Rauma kommune å innfri på einskilde skular, men ikkje alle. På Vågstranda balanserer dette, men det blir ikkje tatt høgde for at det her er tre klassesteg saman som utgjer 18 elevar på mellomsteget. På papiret ser det fint ut at lærarnorma er oppfylt. Men her er det altså tre klassesteg samla på mellomsteget med kvar sine pensum og kvar sine bøker, og fire klassesteg saman på dei lågaste trinna. Då eg påpeika dette, fekk eg vite at det var så store variasjonar i klassane rundt om. Eg stilte så spørsmål om skulesjefen trur det er mindre variasjonar i fådeltskulen. Vi sit ikkje med 5 klona sjuandeklassingar, 5 klona sjetteklassingar og 8 klona femteklassingar for den komande 5.-7.klassegruppa. Det er ikkje pedagogisk forsvarleg å drive ein skule med så små ressursar at det ikkje kan bli delingar i noko fag. Dei fleste skjønar, trur eg, at det er lettare å undervise 18 sjuandeklassingar enn 18 femte-, sjette- og sjuandeklassingar samla i same rom med ulike pensum og bøker.

På spørsmål om politikarane var gjort kjende med denne problematikken, fekk eg ikkje noko klårt svar. Det er bakgrunnen for dette innlegget. I ettertid har eg fått vite at politikarane ikkje var informerte om nedskjeringa av den siste stillinga. Eg meiner de som politikarar må få innsikt i korleis dette verkar.

Dei lærarane som skulle søkje seg vekk, fekk i utgangspunktet ein dag på seg til å sende søknad til skulesjefen med ønskje om ny arbeidsplass.

Dette meiner eg er personalpolitikk på lågt nivå! Fristen vart forlenga til ei lita veke. I skrivande stund, 28.03.19, har den eine læraren framleis ikkje fått tilbod om ny arbeidsplass. Derimot har denne læraren fått beskjed om at ho er plassert på ein bestemt skule. Økonomi ser ut til å trumfe alle menneskelege omsyn og ein god personalpolitikk.

Vi på Vågstranda skule har eit godt arbeidsmiljø og har stått skulder ved skulder. Ingen ønskte i utgangspunktet å søkje seg vekk. Vi som vert att på skulen, synest det er vondt å vere vitne til slik slett personalhandsaming.

Eg meiner Vågstranda blir handsama dårleg, både bygdefolket og elevane. Vågstranda er ei bygd med ei lang skulehistorie. Vi innser at det nærmar seg slutten, men vi forventar at vi skal kunne bli handsama med respekt og avslutte med verdigheit sjølv om vi ligg på sotteseng. Vi vil gjerne gå ned med flagget til topps og kunne tilby elevane eit godt skuletilbod fram til dei skal overflyttast til Måndalen for godt.

Eg meiner ostehøvelprinsippet kunne vore brukt, slik at det ikkje berre vart Vågstranda skule som skulle ta nedskjeringa på den siste stillinga. Kanskje var det ikkje oppvekstsektoren i det heile som skulle stå for denne innsparinga?

Ordføraren stilte også opp på eit møte med oss tilsette. Som skulemann skjøna han problema vi la fram for han, og han lova å ta saka opp med rådmannen og prøve å gjere noko.

Så politikarar, no er de informerte. Ta dette med når de no skal ta avgjerda. Vil de gå med på at innbyggjarane på Vågstranda skal bli handsama slik?

Det er i alle fall ikkje ein god måte å samle stemmer på.

Eg sjølv bur i Vestnes kommune, så eg slepp å stemme på nokon av dykk.

Med hjarte for bygda og skulen.