Debattinnlegg:

Interpellasjon

Janne Søvik, Rauma Arbeiderparti.   Foto: Privat

Leserbrev

Innbyggjarane på Vågstranda blir no spurt om kva for kommune dei ønskjer å vere ein del av. I ein slik situasjon kan ikkje kommunestyret i Rauma vere passive. Vi må vise at vi ønskjer at Vågstranda framleis skal vere ein del av Rauma kommune, og vi må synleggjere kva ambisjonar vi har for å skape vekst og optimisme på Vågstranda og heile Sørsida. Eit av dei aller viktigaste grepa vi kan ta er å vise at kommunestyret er villig til å satse på eit godt oppvekstmiljø for heile Sørsida.

Forslag til vedtak:

Hvis Vågstranda fortsatt blir varande i Rauma, vil kommunestyret gjere følgjande vedtak:

  • Det blir bygd ny barne- og ungdomsskule i Måndalen
  • Skulen får øvste prioritet i investeringsprogrammet
  • Skulen skal byggjast med eige realfagslaboratorium/Newtonrom
  • Skulen skal vere eit kompetansesenter for realfag/førebuing til yrkesfag for heile raumaskulen