Skrevet av Rauma Mållag

Du har, som skatteytar, kanskje alt fått skattemeldinga. Fristen for å levere henne, er 30. april. Men har du tenkt etter kva språk som blir nytta i denne meldinga? Ordninga er nemleg slik at om ikkje du ber om noko anna, vil meldinga kome på bokmål. Og ikkje berre det: Dette vil og bli oppfatta som ditt generelle språkval av det offentlege.  Ekstra viktig er det då at dei unge, som får skattemelding for fyrste gong, er merksam på dette.

Rauma Mållag håpar mange ber om skattemeldinga si på nynorsk. Det viser styresmaktene at vi er mange som ventar å kunne kommunisere med det offentlege på språket vårt.

Kva må du så gjere for å endre språket? Er du mellom dei som får skattemeldinga på papir, er der ei eiga rute der du kan krysse av for språkval. Får du skattemeldinga digitalt, og det er nok dei fleste etter kvart, må du logge deg inn på www.norge.no/nn-opdater-kontaktinformasjon der du ved trykke på knappen «språk» får opp val mellom bokmål, nynorsk, engelsk eller samisk. Du vel så nynorsk og loggar ut. Lukke til!

Rauma Mållag