Kjære Jon Sverre,

frå no av blir det nok verre,

når eg ikkje lengre kan gå inn døra di,

om eg får smerte i hofta mi.

Dei har nok rett alle som sei at eg er dom,

men etter at du til Rauma kom,

har senga «mi» på sjukehuset alltid stått tom.

Mange leger har gjennom åra komme og gått,

men du har heile tida ved vår side stått.

Vi møttest første gang ein novemberkveld,

eine guten min hadde med hesten hatt eit uhell.

Han hadde så låkt i skuldra si,

så eg ringte legevakta og avtala tid.

Vi vart møtt av ein lege som var ukjendt for meg,

han helsa blidt då han kom mot oss på lette steg.

Etter å ha undersøkt skaden, som ikkje var så stor,

så sa han kva vi skulle gjere, og vi veksla gode ord.

Så strauk han guten over håret og sa,

i morgon er du nesten like bra.

Formannskapet, mest kledd i svart rundt bordet seg sessa,

for no skulle dei ta eit kraftig oppgjør med pressa.

Men du stilte i avisa heile tida, bli og alltid i kvitt,

og orienterte oss alle om korleis pandemien gikk,

og vi fekk stadig tilbud om endå eitt stikk.

Eg håper du får ei lang og fin pensjonist tid,

men vent med å bade til sjøen er heilt isfri.

Kanskje er det ikkje så lurt med lange turar på ski,

ta heller med kona di på enda ein tur til Napoli.

Tusen takk for alt du har gjort for meg,

eg skal aldri glemme deg.

Beste helsing Torbjørn Bruaset