Skrevet av Anders Øverbø, engasjert Rauma-veljar

Tirsdag forrige uke kom eg oppglødd heim frå politikar-debatten på Rauma kulturhus. Fantastisk bra med so stor interesse for politikken i vår kommune. Og den respekten listetoppane viste for kvarandre borgar for eit godt samarbeid i det nye kommunestyret. For samarbeid mellom parti er nødvendig for å få gode løysingar, samarbeid som og i enkeltsaker går på tvers av ideologisk ståstad.

Men når det gjeld valgteknisk samarbeid, er det viktig for oss veljarar å vite kvar dei ulike partia står. Det er i dette samarbeidet posisjonar blir fordelt, og med det makta. Valresultatet vil avgjer kvar tyngda ligg, og det er nokon ideologiske skileliner som er interessante for meg som veljar.

I debatten på Kulturhuset vart eg usikker når Janne Søvik seier at det for Arbeiderpartiet er «mest naturleg å samarbeide med SV», noko eg oppfattar lite forpliktande. I sitt tilsvar til Stein Siem i Åndalsnes Avis 28.08.23, gjentek ho dette, og heller ikkje her framstår valet av side som tydeleg for meg.

Kan dei som ynskjer å gi si stemme til Rauma Ap vere sikker på at Rauma Ap fortsatt vil støtte eit ikkje borgarleg samarbeid etter valet?

Bruk stemmeretten - godt val!