Skrevet av Jan Peter Valde, Rauma Senterparti

Sist torsdag var det politisk debatt på Helsehuset. Her fekk vi møte mange fornøgde deltakarar på Møteplassen. Dette var nyttig og gav oss eit godt innblikk i behovet for sosiale møteplassar for eldre.

Kvelden før viste NRK eit innslag om korleis nok bemanning med gode helsearbeidarar auka ein pasient sin funksjon og livskvalitet på ein god måte. Det skulle ikkje meir til enn ein ekstra pleiar med kompetanse, og som såg behovet og visste nøyaktig kva som skulle til. Dette gjorde sterkt inntrykk på meg.

Sist juni la regjeringa fram ei Stortingsmelding om ei ny eldrereform. Stortingsmeldinga som har fått tittelen «Fellesskap og meistring – bu trygt heime» vart godkjent av kongen i statsråd den 16 juni i år, og skal behandlast av Stortingen til hausten. Det er verdt å merke seg at Pensjonistforbundet var godt fornøgd med at fleire av deira innspel vart innlemma i reforma.

Utgangspunktet for «Bu trygt heime-reforma» er at dei store barnekulla som kom på 50-og 60-talet er iferd med å bli eldre. Og dei er mange.

Dei overordna måla med reforma er å bidra til at eldre kan bu trygt heime, og at behovet for helse- og omsorgstenester blir utsett gjennom betre planlegging, styrkt førebygging og meir målretta tenester. Vidare vil ein sikre betre bruk av personell, og gjennom dette bidra til at alle som treng det får tilgang til gode og trygge tenester.

Eldrereforma har fire satsingsområde:

Levande lokalsamfunn med gode møteplassar for eldre

Her har Rauma kommune kome godt i gang med gode lavterskeltilbud til seniorar som vi må ta vare på og utvikle vidare. (treningsgruppene «Sterk og stødig», «Møteplassen», «Aktiv på dagtid») Dette er gode tilbud som forebygger einsemd og skaper livsglede. Ulike lag og foreiningar har også gode møteplassar for seniorar, slik som f. eks Frelsesarmeen.

Bustadtilpassing og -planlegging

Her er det mykje arbeid som må gjerast for å nå målet om at alle skal ha tilgang til ein egna bustad i eit aldersvennleg bumiljø. Trygdeboligar med eller utan bemanning er ønskeleg i fleire bygdesenter. Vi må få større bevisstheit rundt det å planlegge eigen bustad, og kommunen må legge til rette for bustader til ein kostnad eldre kan klare. Desse bustadane bør ha fellesareal der ein slepp å gå ut i kulde og is for å møte andre.

Kompetente medarbeidarar

Det trengs fleire fagfolk med rett kompetanse i helse- og omsorgstenesta. Vi må ta godt vare på våre tilsette. Trivsel er viktig for å rekruttere nye. Auka grunnbemanning der heile og faste stillingar skal vere standarden. Ei teneste som går døgnet rundt krev stabilitet. Helse og omsorg tek ikkje ferie. Mange tilsette opplever i dag at «maskineriet» går på maksimal belastning heile tida. Skjer det noko som krev eit ekstra løft, så ryk det. Slik kan vi ikkje ha det. Å gi god omsorg krev tid, tid til å lytte, og tid til å sjå pasienten. Tid til å oppdage små endringar, tid til å skape initiativ hjå pasienten.

Tryggheit for brukarar og støtte til pårørande

Ei av tilbakemeldingane frå brukarar av heimetenesta er at ein har så mange forskjellige pleiarar å forholde seg til. Heimetenesta må difor organiserast slik at pasientane får dei same pleiarane over tid, med færre nye å forholde seg til. Målet i heimetenesta må være at brukarane skal få gode tenester i heimen, og at ein set inn rett kompetanse og tiltak som set dei enkelte i stand til å bu heime så lenge dei kan og vil. Det er viktig at pårørande får nødvendig avlastning når behovet melder seg.

Rauma kommune har allereie vedtatt rammeverket som skal sikre at vårt helse- og omsorgsarbeid innfrir det som er intensjonen i reforma, nemleg at fleire eldre skal kunne leve aktive liv lenger og oppleve å være trygge i eigen heim. Dei som ikkje kan bu heime skal ha trygge, gode og verdige liv på institusjon.

Dei neste fire åra vil eg gje eldreomsorga høg prioritet. Alle har vi eit ansvar for å planlegge eigen alderdom så godt vi kan, men fellesskapet skal stille opp når vi treng det.

Alle politiske parti er einig i at helse og omsorg er ei av dei aller viktigaste politiske sakene som skal løysast framover. Regjeringa har i Stortingsmeldinga slått fast at helse- og omsorgs-tenesta skal styrkast for å gje eldre eit godt og verdig liv. Vi må sørge for at regjering og Storting gjer kommunane i stand til gjennomføre det som eldrereforma anbefaler. Dei må gje kommunane evne i form av økonomisk støtte til å gjennomføre ein god og forsvarleg eldreomsorg.