Skrevet av Janne Søvik, Gruppeleiar Rauma Arbeiderparti

Torsdag 17.02.22 står det å lese i ÅA/RB at dei fire sjukehusa i fylke ikkje klarar å halde fristane i pakkeforløp for barn og unge som slit psykisk. Helseføretaket klarer ikkje å halde fristane som er sett for utredning, behandling og evaluering.  Det står vidare at mengden av henvisningar aukar langt meir enn helseføretaket kan ta imot, men at det og er mange feil-henvisingar frå kommunane.

Helseføretaket har i den forbindelse sett i gang eit prosjekt der ulike samarbeidspartnarar skal være involvert. Felles mål i samarbeidet skal være å gi hjelp til barn og unge innan angst, autisme, depresjon, spiseforstyrrelsar og vald.

Dette betyr at det er mange barn og unge som eigentleg burde få hjelp i det kommunale tilbodet eller på andre måtar, blir ståande i sjukehuskø. Kva gjer vi i ventetida, kan vi som vanlege ansvarlege vaksne ha noko å bidra med?

Vi lever i ein verden av kontrastar, ein verden som for barn og unge kan bli opplevd som uforutsigbar og farleg. Samtidig med ei til tider grusom verkelegheit så spyr media ut program og reklame som viser glade menneske som lever i ein såkalla vellykka verden.

Utdanninga til ulike profesjonar, innformasjon, veiledning og råd har vel aldri vore større enn no. Likevel så verkar det som om hjelpebehov og tiltaksbehov er uendeleg stort.

I eit gammalt afrikansk ordtak heiter det at «det  trengs ein heil landsby for å oppdra eit barn».

Føresette og nær familie er til vanleg sett på som den viktigaste personane i barna sine liv, deretter barnehagelærar, lærar, trenar, kanskje ein god nabo osv. Når vi er vaksne er det vårt ansvar, uansett kva rolle vi har, å møte alle barn på ein måte som gjer at dei kan kjenne seg trygg, verdsett, viktige, at dei skal kjenne seg sett og lytta til. Barn og unge treng forklaringar, kva er verkelegheit, kva er oppspinn, kva er rett og galt, kva er det som er viktig for oss no. Vi må vise at vi som vaksne tek ansvar, at vi veit mykje og er der for å hjelpe, for å trøyste, for å vise veg. Det spelar ingen rolle om du er psykolog, nabo, trenar, lærar, forelder eller helsesjukepleiar. Det er i den nære og gode relasjonen vi kan hjelpe barn og unge vidare og skape endring.

Hurdalsplattforma peikar og på at vi må bygge eit lag rundt barnet. Barnehage og skule har for lengst fått ei bemanningsnorm, som også er heilt nødvendig, men sjølv med denne norma blir vaksne sin tilstedeværelse ofte oppspist av pausar, av fråvær, avspasering, kurs, planlegging og møter. Vi treng derfor fleire vaksne i barnehage og skule, ikkje minst treng vi tverrfaglegheit der ulik kompetanse møtes og kan finne dei aller beste løysningane saman.

Vi kan ikkje tillate oss å stole blindt på systemet og at andre vil ordne opp, men jobbe saman for at den mest verdifulle ressursen vi har får ein best muleg kvardag.