Skreve av Per Arne Skomsø

Ordførarpartiet

Det er oftast ordførarpartiet som får skulda når noko ikkje er bra i ein kommune, men som også får æra når det er rett bra, sjølv om dette partiet ikkje har fleirtal åleine. Det største partiet har sjølvsagt mest makt, og får ofte ordføraren.

I de to føregåande periodane har Høgre vore det største partiet, og har hatt ordføraren. I inneverande periode har SV vore det største partiet, med mest makt, - og med ordføraren.

Den store dommen over desse fire åra fekk vi nyleg i Kommunebarometeret. Dette er det mest omfattande og realistiske målet for ståda i ein kommune. Og dommen er overtydande: Rauma kommune har klatra oppover rangstigen frå nær sisteplass til nr. 20 i landet når det gjeld kvaliteten på dei kommunale tenstene.

Det blir difor svært vanskeleg å hevde at Rauma kommune er vanstyrt. Den gode plasseringa er eit resultat av trygg og ansvarleg politisk leiing, ein framsynt administrasjon og motiverte og dyktige kommunalt tilsette. I eit positivt samvirke.

Eg ser ikkje at Rauma kommune har noko behov for eit anna politisk regime enn det vi har no med det fleirtalet som har vore i denne perioden. Det har vist seg at SV har makta både å fylle rolla som det største partiet, og å ha ordføraren.

For at Rauma kommune skal halde fram med å vere i tetskiktet i landet, er det difor objektivt tryggast å stemme på SV og ordførar Yvonne Wold. Gjer det!