Skrevet av Jan Peter Valde, listetopp Rauma Senterparti

I dag, 22. april er det Den internasjonale Moder Jord-dagen. I mange land blir «Moder Jord» brukt som namn på jordkloden. Moder Jord-dagen er ein årleg dag med arrangement over heile verda til støtte for miljøvern. Dagen vart oppretta av FN for å anerkjenne at økosystema på jordkloden sørgar for liv og næring til dyr og menneske på jorda.

Å prøve å forstå ulike samanhengar, og handle deretter er eit av menneska sine mest krevjande øvelsar. Å erkjenne dei fotavtrykka vi sjølv avsett er eit viktig steg på rett veg.

Vi har mange rapportar som viser korleis status på kloden vår er no. Langt frå alt er lystig lesing. Så seint som i mars i år uttalte FNs generalsekretær António Guterres at «Verda treng klimatiltak på alle frontar. Vi har aldri vore betre rusta til å løyse klimautfordringane – men vi må gå inn i klimahandlingar med lynfart no!»

For over 30 år sidan poengterte statsminister Gro Harlem Brundtland betydninga av å «tenke globalt og handle lokalt». Orda stamma frå den store FN miljøkonferansen i Rio i 1992, leda av statsminister Gro Harlem Brundtland. Aldri før har denne oppfordringa vore viktigare. For oss betyr dette å produsere meir rein lokal mat og mindre import av matvarer, bruke skogen meir aktivt i klimaarbeidet, erstatte diesel med hydrogen på Raumabanen, aktivt følge opp kommunen sin klima- og miljøplan. Sørge for ein større andel el-bilar i kommunens tjeneste og mykje, mykje meir.

Til hausten skal vi sette saman eit nytt kommunestyre. Skal vi kunne nå klimamåla som FN har satt, må vi jobbe saman lokalt for å skape ein bærekraftig Kommune. Vi har ein felles klode å ta vare på, då må kvart minste ledd, kvar enkelt kommune bidra. Eg ser fram til kunne påverke med god miljøpolitikk som bidrar til å ta vare på «Moder Jord» nettopp slik Moder jord-dagen minner oss om.