Skrevet av Edmund Søvik

I samband med avgangen til kommunedirektøren spør eg meg: Kva kostar alt dette? – Kva kostar prosessen med tilsetjinga, konsulenttenester og tidsbruk for «dei på Rådhuset»? – Kor mykje kosta dobbel løn i eit år for direktøren? – Kor mykje kosta avslutningsprosessen med advokatar og tidsbruk for «dei på Rådhuset»? – Kva vil det koste å få ny person på plass? Dette er ikkje hemmeleg, og som skattebetalar synest eg det er greitt å vite!

Demokrati, kva er det for noko? Utover 1800-talet utvikla me demokratiet meir og meir, men dei siste tiåra har me gradvis gjeve frå oss makta til «byråkratiet» att. I den siste saka ser me at kommunestyret er sett totalt ut av spel. Ein «må» berre gjere «sandpåstrøingsvedtak», og i tillegg ha munnkurv. Alle parti er like hjelpelause. Og slik blir det neste gong også. Det skal framforhandlast ein ny avtale – ved konsulentar og nokre få andre, og det er søkjaren som set fram vilkåra: «Får eg det ikkje som eg vil, så kan de ta ein annan!» Er det på denne måten ein får den beste personen? Ein er på ingen måte garantert at ikkje det same vil gjenta seg.

Så synest eg at det ikkje kjem klårt fram kva slags avslutningssak dette er. Er det kommunen som har bedt han trekkje seg? I så fall kjem vel ei viss etterløn på tale. Slik er det vel for alle kommunalt tilsette – eller? Kanskje det er direktøren som trekkjer seg frivillig? («Trer til side», står det) I så fall skal han vel ikkje ha lønn? «Han har ikkje skamvit,» brukte dei å seie før.