Skrevet av Nils Valde

Vi har drive yngreslag i over 60 år, og dei første åra det var Rauma kommune søkte vi og fekk nokre kroner kvar gong vi søkte. Den gongen var det meir arbeid med rekneskap og budsjett. Men det var stort sett forståeleg. No har vi ikkje søkt på mange år. Men i år tenkte vi at vi skulle søke, så kanske vi fekk nokre kroner til drift av laget. Eg har prøvt fleire gongar, men det har stoppa opp med at det f.eks. skulle vere heile tal. Somme felt som skulle utfyllast, var uråd å fylle ut. Så eg tenkte at dette må eg gjere ein dag eg har betre tid. Det var i dag. Men etter ei stund gav eg opp. Det såg ut som skjemaet var laga for eit stort lag med stor virksomheit. Det kunne vel vere mogeleg å lage eit skjema som meir passa for oss som driv meir dei meir «gamaldagse» aktivitetane for barn og ungdom. Eg tenkte med gru på korleis dette skulle innpassast dersom vi som tidlegare søkte om midlar til søndagsskulen. Vi fekk tilskot til det også i mange år. Det er heldigvis enklare å søke om frifondmidlar frå staten.