Skrevet av Magnhild Vik,gruppeleiar Rauma Senterparti

I eit lesarinnlegg den 19.06.2023 beskriv Ap sin førstekandidat deira kamp for å behalde skulane i Rauma. Til mi store overrasking kom det der ein kommentar som eg synest ikkje kan stå uimotsagt. Midt i lesarinnlegget kjem det ein påstand om at Senterpartiet har stemt for fritt skuleval:

Rauma Ap har kjempa med nebb og klør, i alle samanhengar, for tre ungdomsskular i kommunen. No kan vi håpe på folketalsauke også i bygdene. Det eg kan seie er at ikkje alle parti har vert like ivrige i denne debatten og Høgre har, som dei sjølv sa, stemt nei heilt fram til no.

Når det gjeld fritt skuleval så var Sp eit av partia som stemte for vedtak om fritt skuleval for nokre år tilbake. Rauma Ap har ville endra ordninga med fritt skuleval, men har ikkje fått positiv respons frå dei andre partia.

Med utgangspunkt i protokollane frå møta, vil eg ta ei kort oppsummering av avstemmingane om dette emnet.

25.06.2013: Formannskapet behandlar sak om prinsippa for behandling av enkeltsaker når det gjeld overflytting av elevar frå ein skule til ein anna. Eg var ikkje på dette møtet, men det vart sagt at dette var eit særs krevande møte for Sp-representantane Torbjørn Rødstøl og Ellinor T.Solheim som då var i opposisjon. Det vart lagt eit utilbørleg press på desse representantane om å stemme med fleirtalet for at det skulle bli et einstemmig resultat. Arbeiderpartiet og Janne Søviks dåverande parti V, var i posisjon i lag med H, og stemte for fritt skuleval.

Vedtaket gjekk ut på at elevar hovudsakleg skulle gå ved nærskulen, men dersom nokon ville bytte skule, skulle dette innvilgast dersom det ikkje førte til negative konsekvensar eller ekstra ressursbruk for mottaksskulen.

I 2014 kom det opp på nytt, i forbindelse om nedlegging av den kommunale skulen i Innfjorden – og i formannskapsmøtet foreslo Arne Hoem at det skulle vere fritt skuleval i Rauma kommune. Dette vart vedteke, men mot to stemmer: Senterpartiet sine. Ap ( og Venstre) stemte for fritt skuleval her.

Då saka kom opp i kommunestyremøtet den 17.06.2014, kom det eit forslag frå representanten Gudrun Herje Langseth om å ta bort punktet om fritt skuleval, men dette forslaget fekk berre 8 stemmer og fall. Ap og Venstre stemte også her for å fortsette med fritt skuleval!

Siste gong temaet har vore oppe var i 2022, då foreslo tre ( av fem) Ap- representantar å fjerne fritt skuleval. Dette forslaget fall, og fekk berre 6 stemmer: 3 frå AP, 2 frå Sp og 1 frå ein uavhengig representant.

Eg stemte ikkje for forslaget om å fjerne fritt skuleval, fordi det har i ettertid vist seg at det er ikkje eit stort problem at mange flyttar over mellom skulane. Det har gjennomsnittleg vore eit par elevar i året dei siste 10 åra. Argumentet mitt for å ikkje ha fritt skuleval, var at det ville bli usikkerheit rundt elevgrunnlaget for ungdomsskulane i Måndalen og på Åfarnes. Det viste seg heldigvis ikkje å stemme.

Alle som har fulgt med i politikken i Rauma, veit at Senterpartiet ønskar skule og andre kommunale tenester nær folk, der dei bur. Det er store avstandar i kommunen vår, og barna og ungdommane våre fortener å ha kort avstand til skulen, slik at dei kan bruke fritida si slik dei vil, ikkje sitte på ein buss i timesvis kvar dag.

Like viktig som skule i nærmiljøet er innhaldet i skulen, både fagleg og sosialt! Derfor skal vi heile tida jobbe for at kvalifiserte lærarar vil søke jobbar her, og at folk vil ta med familien sin og flytte hit, både dei som har flytta ut og tatt utdanning og menneske utan tilknytning til kommunen frå før. Det er ein føresetnad for å oppretthalde gode kommunale tilbod der folk bur. Og Raumaskulen er god - det har vi sett i rapporten vi fekk orientering om i siste kommunestyremøte: Tilstandsrapport for grunnskulen i Rauma. Vi har fortsatt store oppgåver å jobbe vidare med både fagleg og sosialt, då spesielt mobbing i skulen. Her må vi alle gjere ein innsats for at barn i Raumaskulen skal ha det bra og bli trygge og kunnskapsrike barn og unge.

Det er veldig bra at alle parti i Raumapolitikken slutta seg til forslaget frå kommunedirektøren om at skulestrukturen skal ligge fast i kommande periode.

Til slutt vil eg berre seie at no framover er det tid for oppsummering av kva ein har fått til i tida som har gått sidan sist val. Men manns ( og kvinners) minne er nok ikkje alltid så godt som ein likar å tru, derfor er det greitt å sjekke fakta rundt påstandar før ein skriv i avisa!