Skreve av Anne Mette Korneliussen, Rauma mållag, Petter Inge Bergheim, Vestnes mållag, Åse Marie Longva, Molde mållag, Øyvind Fenne, Hustadvika mållag og Romsdal mållag

Den 12. mai er NYNORSKDAGEN. Noregs Mållag og Norsk Målungdom har valt denne datoen som nasjonal markeringsdag. Hovudbodskapen er SKRIV NYNORSK PÅ NYNORSKDAGEN, og målet er å få mange fleire til å skrive og sjå nynorsk.

12.mai i 1885 gjorde Stortinget vedtak om å jamstille nynorsk med bokmål. Dette politiske jamstillingsvedtaket var eitt av fleire viktige demokratiske vedtak frå denne tida. Demokratiet tek ikkje vare på seg sjølv, det må pleiast og styrkast, kvar dag, kvart år. Jamstillinga mellom måla er ikkje noko unnatak.Full reell jamstilling har me aldri sett i praksis sjølv om mykje har retta seg og betra seg. Den nye språklova er svært tydeleg – men ho må etterlevast. Kva kan me oppfordre til på ein dag som denne? Kanskje følgjande.

- Barnehagane. Har alle eit godt utval med nynorske barnebøker? Lærer dei songar og regler på dialekt og nynorsk? Og viktig: Les høgt for borna! Det bør òg alle foreldre gjere.

- Skulane. Høgtlesing, kreative skriveoppgåver og tematisering av nynorsk i Romsdal på ulike nivå og klassesteg. Har skulen abonnement på Framtida jr og/eller Norsk Barneblad? Brukar de dei flotte undervisningsressursane frå Nynorsksenteret? Still krav om like mange og like gode digitale læremiddel for nynorskopplæringa som bokmålsopplæringa!

- Kommunane. Mange er språknøytrale utan nokon språkplan. Ingen har noko pålegg om å skrive bokmål – sjølv om mange trur det. Vår oppfordring er å ta nynorsken i bruk, vis han fram, syn at kommunen kan vere tospråkleg – slik intensjonen i språklova er. Kommunedirektørar og ordførarar kan vise veg.

- Næringslivet, private verksemder. Her veit me at det gjeld å bli lagt merke til. Det burde store og små romsdalsbedrifter/verksemder skjøne: Gjer det ved å bruke nynorsk i presentasjon og marknadsføring!

- Medie- og kulturlivet: Både aviser og andre publikasjonar på papir og nett har eit forbetringspotensiale. Det finst mange som kan nynorsk! Vis det! Artistar som Knut Marius Djupvik, Bjørn Tomren , Jorun Marie Kvernberg m.fl. profilerer den nynorske tonen og det romsdalske på framifrå vis.

Nynorsken lever godt i mange samanhengar i Romsdal. Men det er lov og ønskjeleg at fleire tek han i bruk – både einskildpersonar, organisasjonar, institusjonar og bedrifter. Mange vil oppdage ein rikdom dei kanskje ikkje har visst om?!