Skrevet av Janne Søvik og David Grøvdal, Rauma Ap

Det er trist å lese i Åndalsnes Avis si nettutgåve 09.12.23 der konstituert leiar for heimebasert omsorg seier ho opplever at tilsette blir utsett for truslar frå pårørande.

Så er det slik, at helsetenesta på lik linje med for eksempel barneverntenesta og andre i 1. linje ofte møter menneske i krise og som har store utfordringar. I desse kommunale tenestene kan tilsette bli skyteskive for frustrasjon, fortvilese og av og til desperasjon. Når pårørande føler dei kjem til kort, når alvorleg sjukdom og plager oppstår, når avtalar og oppfølging frå helsetenestene er uklare og pårørande opplever at sine næraste ikkje blir godt nok ivaretekne, kan det dessverre lett oppstå slike situasjonar. Dette må ein som profesjonell kunne forstå, men ikkje nødvendigvis tåle.

Så kan det sjølvsagt være eit stort gap mellom pårørande sine forventningar og det dei tilsette meiner er adekvat oppfølging og behandling.

Det er vel dette som er kjernen i noko av det som konstituert leiar for heimebasert omsorg prøvar å få fram - forventningar frå pårørande opp mot helsetenestene sitt ansvarsområde.

Eit av dei store spørsmåla blir då om det er gode nok arenaer for samtalar mellom pårørande og det offentlege tenesteapparatet? Forventningar (frå begge partar) bør være avklart så langt det er mogleg. Praktiske oppgåver som fysioterapi, personleg pleie, behov for Individuellplan (som er ei rettigheit ved behov for langvarige og koordinerte tenester), kriteria for fleire eller færre tenester må være avklart. Gjennom gode, informerte og avklarande samtalar mellom ansvarlege for tenesteområda og pårørande vil dette kunne la seg løyse i dei fleste tilfelle.

Gode rutiner og skriftlege avtalar er grunnleggande viktig for alle partar.

Det er og svært viktig med forebyggande planer for det psykiske presset som tilsette kan oppleve. Tilsette vil alltid ha behov for rettleiing og tid til å snakke om kva jobben gjer med dei. Dette er eit lederansvar som skal føljast opp i våre kommunale tenester.

God opplæring av tilsette om avvikshandtering skal være på plass, korleis pårørande skal melde avvik/klage må det og være god informasjon om i pårørandesamtalane.