Skrevet av varaordfører Magnhild Vik (Sp)

Jan Peter Valde

Ordførarkandidat Rauma Senterparti

Født 1960, gift med Liv Sølvi og har 3 barn

Jan Peter Valde er godt kjent blant befolkninga i Rauma. Han har budd og arbeidd i kommunen som veterinær sidan 1991, med nokre avbrekk på Norges Veterinærhøgskole, masterstudie i USA, og ulike prosjekt.

Både som distriktsveterinær og veterinær i Mattilsynet har han lang erfaring i offentleg forvaltning.

Jan Peter har også lang erfaring i beredskapsarbeid, noko som kjem godt med i vår kommune! Åndalsnes er eit knutepunkt for trafikk både via sjø, jernbane og veg, så beredskapserfaring er svært viktig å ha. Erfaringane baserer seg på forsvar mot biologisk krigføring, både i NATO- øvelsen Trident Juncture i 2018 der han var i den veterinære ledelsen, og frå Latvia og Kenya ved utbrot av farlege smittsame sjukdommar. Beredskapsrutiner og -planer er derfor velkjent for Jan P, og i lag med god kunnskap om offentleg saksgang og lovverk er det ein god ballast å ha med seg.

Som ivrig frivillig i lokal idrett og leiar i Isfjorden Idrettslag, kjenner Jan Peter godt til desse sidene av Rauma. Det kjem godt med, i og med at kommunen eig og driv fleire ulike idrettsanlegg, og på grunn av at sport og idrett er ein god arena der barn og unge deltek i meiningsfulle aktivitetar. Han er også nestleiar i Hen menighetsråd og i Rauma kirkelige fellesråd, så spennet i det frivillige arbeidet er stort.

Som dagleg leiar og styreleiar i Åndalsnes Veterinærklinikk har han eit godt innblikk i næringslivet i Rauma og kva utfordringar dette møter. Jan Peter har gode tankar om kva som må til for å legge enda betre til rette for næringslivet i kommunen vår! Det er veldig viktig å øve press på sentrale myndigheiter for ein meir rettferdig skattlegging av næringslivet. Det må skapast arbeidsplassar som er attraktive for ungdom slik at dei kjem tilbake til Rauma etter avslutta utdaning.

I og med at Jan Peter har arbeidd store delar av sitt yrkesaktive liv med og for bøndene i Rauma, ser han at det er veldig viktig å legge til rette også for denne næringa slik at unge vel bondeyrket, og at vi kan produsere rein lokal mat som også bidrar til betre miljø.

Vil du ha ein stødig, kunnskapsrik kar med godt humør til å leie kommunen dei neste fire åra bør du stemme på Jan Peter og Senterpartiet!