Skrevet av Øystein Folden, Fylkessekretær, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Kva kan ein så gjere med det? Det er lite truleg at gjødselprisane skal gå vesentleg ned med det første.

Mineralgjødsel består særleg av nitrogen, fosfor og kalium. Fosforgjødsla kjem i stor grad frå Vest-Sahara. Det er store politiske spørsmål knytt til kven som skal ha makta i landet, i tillegg til at fosfatressursane tømmast. Alternative stader å få tak i fosforråstoff er ikkje mange. Dermed vil ein både oppleve at det er knapp tilgang og monopoltendensar. Om eit par tiår er det ikkje stort igjen, og vi må løyse fosforbehovet på annan måte.

Av kalium som blir bruka i gjødselproduksjon kjem 20% frå Russland, viss det kjem noko. Tilgangen til råstoff går ned og prisen går opp.

Nitrogen blir produsert med fossilgass som råstoff, og straum som produksjonsmiddel. Båe delane har blitt dyrare den siste tida.

Ein kan sjølvsagt setje seg ned og klage. Det kjem ikkje til å hjelpe. Ein kan rope på staten. Det kan hjelpe ei stund, men når lagra er tomme er heller ikkje det noka løysing. Ein kan gje opp. Då vil nokre bli svoltne.

Dei som driv landbruk økologisk kan ikkje bruke denne typen mineralgjødsel. Dei må drifte jorda på annan måte og med andre typar gjødsel for å få gode avlingar. Med god agronomi får dei ganske store avlingar. Dei har no fått tre store fordelar: Dei treng verken nitrogen, fosfor eller kalium levert i sekk for å kunne levere avling. I løpet av eit par tiår må resten av bøndene klare seg utan mineralgjødsla også.

Kan det vere at dei høge gjødselprisane no kan vere ein dytt slik at fleire går over til økologisk landbruk? Slik overgang tar litt tid, men det er truleg mindre risiko no enn på lenge viss ein vil prøve. Det er tid for å ta kontakt med rådgjevingstenesta som finst i landbruket.