Skrevet av Jan Peter Valde (Sp)

Vi som politikarar leitar for å finne inndekning på det meste i budsjettet for 2024. Vi ynskjer at alle skal ha ein trygg kvardagsøkonomi, der målet er at alle skal få ta del i velferdsgodene. Sjølv om budsjettforslaget som ligg ute på høyring lett kan mane fram pessimistiske tankerekkjer, er det også rom for nokre gleder.

Sist fredag vedtok nemleg regjeringa at det skal bevilgast 900 millioner kroner ekstra til havbruksfondet. For Rauma kommune betyr det 5 millionar kroner ekstra inn på konto før nyttår, i tillegg til den ordinære utbetalinga på 1,5 millionar. Dette er Senterpartipolitikk i praksis, og som gjer at årets regnskap for Rauma sin del nærmar seg balanse. Vi slepp å dra med oss underskudd frå 2023 over i neste års budsjett. Av romsdalskommunane er det Molde og Rauma som får dette ekstra beløpet. Senterpartiet har heile tida arbeidd for at lokalsamfunn og kommunar langs kysten skal sitje igjen med meir av verdiane som blir skapt lokalt. Det er all grunn til å glede seg over at Senterpartiet har ei sentral rolle i regjeringa.

I tillegg til dette har Senterpartiet vore ein sentral aktør i å senke barnehageprisane slik at ingen i Rauma skal betale meir enn kroner 1500 per månad for ein barnehageplass. Det blir også ein vesentleg reduksjon i beløpet for foreldre med barn på 1. eller 2. trinn i SFO, og barnetrygda blir auka.

Sjølv om tida er knapp skal vi gjere alt vi kan for å sy saman eit så godt budsjett som råd, og samtidig fortsetje å øve press på regjeringa for å auke overføringane til distrikta.