Skrevet av Sølvi Lundin

Som fastbuande raumaværing prøvde eg på mange måtar å overvintre i nordvest kuling vinteren 2022. Ein "blåmandag" i januar var eg på leiting etter ein heilt alminneleg møteplass i Åndalsnes sentrum. Eg hadde fått nok av storskrytinga i Å A! Eg ville ikkje høre meir om storsatsing på nytt og flott hotell ved strandkanten eller flotte middagsbuffear på Eggen ca 800 m o h.. No ville eg berre ha ein heilt alminneleg kopp kaffi, berre "stikke innom" ein heilt alminneleg plass, berre treffe eit heilt alminneleg menneske på ein heilt alminneleg dag anno 2022. Men kvar skulle eg gå i snøslaps, regn og tåke?

Rådhuskantina var borte, Servicetorget, (der ein i det minste kunne møtast, lese ei avis og sei "hei!), var ein saga blott. ( Kvifor dette store, nakne rommet ?) Og Rauma hotell sto der og grein imot meg i år som i fjor. Hvelvet, seier du? Altfor flott og fjongt og altfor store kakestykke på ein mandag! Helsehuset, seier du? Altfor stort og flott og folketomt! Ingen går dit. Tindesenteret, seier du? Altfor stort og kaldt, og dessutan var det stengt i januar. Nei, "sjela" er blitt borte på Næs!

Den hyggelegaste møteplassen var ei tid "DET LILLE HJØRNET" (no Piteraq. Har vi alminnelege ikkje nok av sportsutstyr?) Det vesle hjørnet låg så lagleg til i nærleiken av buss og tog; av det pulserande livet. Der var det folk støtt som gjerne tok seg ein kaffe eller ein lunch mandag som laurdag! Tindesenteret kan ikkje erstatte "Det lille hjørnet"! Dei alminnelege og hyggelege møteplassane er borte i Åndalsnes sentrum! For ikkje å snakke om Jernbanestasjonen!! Ikkje ein liten kiosk ein gong! Ikkje ein hyggeleg stasjonsmann! Mest av alt saknar ein folkelivet på stasjonsområdet og toga som kom og gjekk. Åndalsnes var ein stasjonsby!

Eg går vidare forbi "slummen", Max spill og nok eit tomt hjørne i Havnegata. Eg passerer Vinmonopolet og ser mot Remmem som hadde alt du trong for heim og hygge! Sjela på Åndalsnes var forrretningar, men det må vere eit miljø på forretningane! Trivsel skaper handel. Hyggelege forretningsfolk må det vere på Næs! Mykje er blitt stort og flott på Åndalsnes, men kva med folk? Folk er folk. Og heile Vangen synes avkristna! Alt som skapte eit åndeleg miljø der er borte: Frelsesarme, bedehus og prestegard.---

Eg veit ikkje anna råd enn å gå på Esso'n for å finne det eg leita etter ein heilt alminneleg dag: Litt trivsel, eit lite miljø, ein kopp kaffi og folk.

Heilt alminneleg.