Dagleg leiar Solveig Brøste Sletta i Nordveggen AS meiner tida er inne for litt dokumentasjon av det kommunen sitt utviklingsselskap jobbar med.

Det skjer mykje på etablerarfronten i Rauma. Brøste Sletta påpeikar at arbeidet i Nordveggen AS i stor grad blir vinkla mot det å sikre dei nyetablerte ei sikker framtid.

– For oss er det viktigare at nyetableringane overlever enn å få til best mulege tal på ein statistikk.

Gründergruppe

Ho legg til at som dei første i fylket etablerte Rauma i fjor ei gründergruppe. Seks etablerarar har fått med seg ein vegledar frå Triangel – nettopp med bakgrunn i å styrke overlevingsevna.

– I vår blir det etablert ei gruppe til, påpeikar ho.

Brøste Sletta seier at berre sidan nyttår er det 25 personar som Nordveggen prøver å legge ting til rette for – hjelpe dei med å lage forretningsplaner, søke Innovasjon Norge eller kommunen sitt kraftfond om tilskot – arrangere økonomikurs for dei av nyetablerarane som ikkje har økonomisk utdanning.

Mange etableringar

– Frå enkelte hald får Nordveggen kritikk for manglande arbeid med næringsutvikling. Kjenner du deg att i kritikken?

– Eg meiner statistikken talar for seg sjølv. Det skjer mykje på etableringsfronten i Rauma.

– Men kor mange nye arbeidsplassar har det vorte i Rauma sidan utviklingsselskapet vart etablert?

– Vi har ingen konkret statistikk på talet arbeidsplassar. Men eg kan nemne at berre i løpet av fjoråret var det 60 nyregistreringar i kommunen. Dessuten ber det etablerte næringslivet oss om å jobbe med eit attraktivt samfunn slik at dei kan få arbeidstakarar – slik at dei kan utvikle seg. Det skjer meir næringsutvikling gjennom at etablerte firma får vekse. Axess i Molde satsar no stort på samfunnsutvikling nettopp for å skaffe dei arbeidstakarane dei ønskjer seg.

Nyregistreringar

Brøste Sletta forklarar at nyregistreringane representerer alt frå generasjonsskifter i bedrifter og innan landbrukseigedommar til utflytta raumaværingar som ønskjer å etablere seg i heimkommunen.

Og nyregistreringane famnar vidt. Innan bygg og anlegg, til dømes, har det vore spesielt mange dei siste fem åra. 2010 toppa statistikken med 13 registrerte. Og trass i ein liten nedgang i 2011 og 2012, var det likevel eit høgare nivå enn åra før 2010. Innan varehandel var talet nyregistreringar lav i starten av femårsperioden. Dei siste åra har det vore frå 6 til 8 nyregistreringar per år.

Tenesteyting

Innan omsetning av faste eigedommar var det i 2011, til dømes, åtte nyregistrerte – i fjor ni.

– Eit område som også har hatt framgang er dette med teknisk tenesteyting innan industrien. I fjor var det 8 nyregistrerte foretak i kommunen, seier Brøste Sletta som meiner dette er eit næringsområde med eit stort potensial.

Åpen for info

– Nordveggen AS får kritikk for manglande kontaktflate med det politiske Rauma. Din kommentar?

– Eg har delteke med informasjon om Nordveggen sine gjeremål i politiske møter. Eg deltek gjerne på "alle" politiske møter for å informere om politikarane ønskjer det. Eg tek også gjerne imot spørsmål frå dei samme politikarane.

Frå enkelthald har det komme kritikk mot at Nordveggen sine gjeremål er meir prega av naturglederelatert arbeid enn næringsutvikling. Brøste Sletta meiner at det ikkje er snakk om eit enten/eller, men eit både/og. Også turmålsarbeid og andre prosjekt som skaper naturglede må sjåast på som eit viktig utviklingsarbeid – både gjennom å lage samarbeid på tvers av bygdegrenser og gje tilsette innan bedrifter i kommunen ei gulrot å gå etter for å skaffe seg rikeleg tilgang på frisk luft og sunn kroppsleg trim og trening.

– Mange bedrifter i Rauma har gjeve oss tilbakemeldingar om kor viktig dette er for folkehelsa – for deira tilsette.

Når det er sagt påpeikar ho at arbeid med turmål og naturglede sikkert er meir synleg utad enn næringsutvikling. Sjølv arbeider ho berre med sistnemnte tiltak.

– Mellom anna deltek utviklingsselskapet i arbeidet med å få etablert Norsk Tindesenter på Åndalsnes. Slik eg ser det er dette viktig både med tanke på å gje folk naturglede og kommunen ei viktig nyetablering.

Hand i hand

– Frå politisk hald blir det ymta frampå om at det er politikarane som skal arbeide med næringsutvikling i Rauma – ikkje utviklingsselskapet Nordveggen AS. Din kommentar til det?

– Tilbakemeldingane frå lokalt næringsliv er at Nordveggen gjer ein god jobb, seier Solveig Brøste Sletta.

Og politikarane arbeider allereie med næringsutvikling – gjennom å skaffe kommunen næringsareal, gjennom etablering av bustadtomter og bustader.

– Her er det kommunen som har ansvar. Nordveggen skal være forumet som skal kjenne næringslivet i kommunen, halde kontakten og iverksette tiltak slik at eksisterande næringsliv utviklar seg og nye næringar blir etablert

– Og skal det skje ei utvikling i Rauma er ein avhengig av samarbeidet mellom næring og kommune. Verdiane blir skapt av næringslivet, seier Brøste Sletta som ønskjer at Nordveggen AS heile tida skal kunne utvikle seg – lære av erfaringane som er gjort – sjå framover.

– Vi ønskjer oss masse konstruktive forslag for på den måten ytterlegare kunne utvikle oss i positiv retning, seier ho.

Mykje skryt

Om ho ikkje sjølv ønskjer å skryte av arbeidet som er gjort, har Nordveggen AS fått mange rosande ord frå både Møre og Romsdal fylke og fylkesmannen i Møre og Romsdal for det arbeidet som blir gjort med Rauma som gründerkommune, mellom anna. Under signeringa av ein partnerskapsavtale med Rauma sist haust vart arbeidet Nordveggen gjer rosa opp i skyene – både for det å skape nye – og ikkje minst – skape levelege nyetableringar i kommunen. Rosen gjekk også på næringslivet som i samarbeid med utviklingsselskapet har vorte særs inkluderande.

– Ein suksessfaktor, var kommentaren frå Eivind Ryste i fylkeskommunen som meiner Rauma er ein foregangskommune i så måte.

Og midt oppi all kritikk – og ros – har Solveig Brøste Sletta ein framtidsdraum.

– Etablere ein stor næringshage der små bedrifter innan bygg, transport og handtverk kan ha tilhald med både kontor og lager.