Skrevet av Torbjørn Bruaset.

Siste tida har det vore skrive og snakka mykje om at folk med mange pengar har flytta, eller må flytte til Sveits for å få sterkt redusert skatt. Ordet emigrasjonsbølge er blitt brukt.

Og det kan hende at det var den sparte skatten som gjorde det muleg for at ein som var av Norges rikaste menn hadde råd til å starte jetflyet sitt for å få med seg serieåpninga i fotball i fødebyen sin.

No er ikkje emigrasjon frå Norge noko nytt. For 150 år sidan og til langt inn på 1900-talet reiste titusenvis norsk ungdom kvart år til Amerika på grunn av stor fattigdom og direkte nød. Skjebna alle desse fekk varierte nok, alt frå rikdom til fortsatt fattigdom og undergang.

I 1913 var det Norske statsbudsjettet på totalt 160 millionar kroner. Men i tillegg så sende nordmenn som hadde utvandra til Amerika 35 millionar kroner heim til familiane sine i Norge dette året. Og eg hugsar sjølv kor stor stas det var då «amerikapakka» kom til jul kvart år.

Mange vil sikkert sei at denne samanligninga blir feil, men etter mitt syn er det ikkje skattereglane som er største problemet, men at det er blitt alt for store forskjellar i landet vårt.