Skrevet av Stein Siem

Kjære Tone, Randi, Sylvi, Ann Helen og alle dykk andre i kvitt og blått

I godt og vel to år var mi mor pleiepasient i Rauma kommune. Først ved å få heimesjukepleie der ho budde i Jernbanegata på Åndalsnes. Deretter i nesten to år ved Voll omsorgssenter i Måndalen, før ho den siste tida av sitt nesten 92 år gamle liv, fekk pleie og omsorg ved Rauma helsehus. Mor sitt liv tok slutt rett før jul i fjor.

Og eg vil seie TUSEN TAKK. Tusen, tusen takk til alle dei tilsette om har stilt opp for henne mot slutten av eit langt liv. Tusen takk for alle serverte måltid og alle klapp på kinnet. Tusen takk for børsting av håret og for hjelp til påkledning, dusj og do. Tusen takk for at de ga mor tryggheit, trivsel og ro og for at ho fekk hjelp mot smerter mot slutten. Tusen takk for at vi har blitt sett som pårørande og alle tilbod om ein kaffekopp.

Eg er svært takksam for respekt og tålmod og for at de ser kvart einaste menneske bak pasienten. Eg vil at de skal lese desse orda og ta dei med dykk i det vidare arbeidet som inspirasjon og motivasjon.

Tusen takk Rauma kommune. Det er all grunn til å vere stolt av dei tilsette i pleie og omsorg. Dei fortjener applaus for den jobben dei gjer.