Skrevet av styret i Rauma Arbeiderparti: Per Johnny Voldseth, styreleder, Frode Georg Pedersen, Rune Risethsve, Janne Søvik og Gunvor Flaterudhagen

Vi trur eit godt raudgrønt samarbeid gir den beste politikken. Då bør vi samarbeide, ikkje konkurrere.

Stein Siem i Rauma SV oppmodar Ap-velgjarar til å stemme på SV for å sikre at Yvonne Wold blir ordførar enno ein gong. Det er ingen grunn til å spreie slik usikkerheit. Ap har vore heilt tydelege på at vi ønskjer eit godt raudgrønt samarbeid. Det vart også sagt i debatten at «det mest naturlege for Arbeiderpartiet er å samarbeide med er SV». Om Siem framleis hadde vore i tvil, kunne han kanskje tatt ein telefon?

Sjølv om vi vil ha ei raudgrøn løysing etter valet, vil Rauma Arbeiderparti likevel samarbeide i enkeltsaker med alle parti. For vi vi trur alle parti kan ha fornuftige framlegg, uansett kva farge dei har.

Rauma Arbeiderparti vil finne dei beste løysningane for Rauma kommune sine innbyggarar og for næringsliv. Då må ein kunne lytte, kommunisere og drøfte med alle dei ulike partia og i dei ulike utvala. Om ikkje får vi inga god utvikling i kommunen vår, heller ikkje noko godt samarbeidsklima.

Rauma Arbeiderparti meiner samfunnsutviklinga er god når vi har felles mål, når vi har tru på folket som bur her, på mangfald, inkludering og at kommunen kan bli enda betre å bu i.

Vi skal jobbe kontinuerleg og være tett på til ei kvar tid få til god samfunnsutvikling.

Pippi Langstrømpe seier at den som er veldig sterk, også må vere veldig snill. Det burde Rauma SV hugse på. Vi trur at raudgrøn side står oss på å samarbeide, framfor å gjere kvarandre til konkurrentar og mistenkeleggjere motiva til kvarandre.

Ein av årsakane til at Hustad og Høgre mista makta i Rauma var at Høgre ikkje var rause nok med samarbeidspartnarane, så den samla oppslutninga forvitra. Det ville vore synd om det same skulle skje enno ein gong.

Så, om du vil ha Arbeiderpartiet sin politikk, vil vi oppfordre deg til å stemme på Arbeiderpartiet. Godt val!