Skrevet av Aage Wold

Ser i Åndalsnes Avis av 5.januar at kommunen ikkje akkurat har forhasta seg med å svare Kartverket og Språkrådet om korrekt namn på eit par måndalsfjell. Eg skal ikkje dvele meir ved tidsbruken. Fjella ligg no der framleis, og blir liggande same kor lang tid det måtte ta å behandle ei veldig enkel sak.

I april 2020 hadde eg eit innlegg i ÅA, der eg, rett nok i ein litt humoristisk tone, lurde på om kultursjefen i Rauma saman med meg kunne gjere eit framstøt mot Kartverket som hadde døypt om Kalltinden og Kjøsa til Kaldtinden og Kjøsen.

Ei tid etter vart eg kontakta av Kartverket, som lytta til mine argument og lova å ta saka opp.

Det har dei openbert gjort. I brev av 8.juni 2021 og i to purringar i 2022 ber dei om kommunens uttale før Språkrådet tek si beslutning.

Saka kan ikkje vere speielt vanskeleg og tidkrevjande, og for at kommunen i ei travel tid skal sleppe å sette i gang ei stor saksutgreiing, tillet eg meg å gjenta litt av det eg skreiv i ÅA i 2020:

« Kvar har dei vore namnespesialistane i Kartverket, som vel å sette nye namn på «dei gamle fjell i syningom». Dei har i alle fall ikkje spurt lokalbefolkninga og heller ikkje sett seg inn i enkel norsk grammatikk.

Her presterer Kartverket å døype om Kalltinden (på dialekt Kaillte’n) til Kaldtinden (med d). Namnet Kalltinden har ingen ting med kulde å gjere. I so fall ville måndalingane ha sagt Kalte’n med ein lang og vektlagd a-lyd. Det har me aldri gjort, men sagt Kaillte’n, som betyr ein kall (gammal mann).

Og ikkje nok med det: Jammen har ikkje Skarfjellet Kjøsa vorte til Kjøsen. Eg veit nok at kasus-bruken no vatnast ut sjølv i Måndala. Men eg trudde Kartverket visste forskjell på akkusativ og dativ. Som gammal måndaling seier eg: «I he tenkt meg oppi Kjøsa» (nominativ og akkusativ), men når eg er komen dit, seier eg «I e oppi Kjøs’n» (dativ). Her tek altso Kartverket dativforma Kjøsen som namn på fjellet i staden for den nominative: Kjøsa. Fjellet skifter dermed ogso kjønn, frå hokjønn til hankjønn.

Tilsvarande kasusbruk har me gamle måndalingar på mest alle fjellnamn: «I ska oppå Klaua», men «I e oppå Klau’n», «I ska oppå Blåstol’n», men «I e oppå Blåstola».

At språket endrar seg, og etter mi meining stadig blir fattigare, må eg berre godta. Men når Kartverket i kunnskapsløyse døyper om mine gamle, kjære fjell, då protesterer eg.

Eg er gammal no, og får vel ikkje utretta so so mykje heretter, men denne kunnskapslause namneendringa ønskjer stabeisen på Øvrelandsbakkå å få omgjort før han legg fjellstaven ned for godt.»

At sjølve toppen av Kjøsa frå gammalt av heitte Litletinden, slik Anders Bruaset hevdar, er sikkert rett, sjølv om namnet har vore lite kjent/brukt i seinare tid. So her må Kartverket helst få på plass begge namna.

Uansett kven som no skal uttale seg på vegne av kommunen: Her trengst ikkje ny undersøking og lang utgreiing. Svar med grunngjeving ligg der allereie, - tindrande klårt og udiskutabelt!