Dette lesarinnlegget er skrive av Janne Søvik, gruppeleiar og ordførarkandidat for Rauma Arbeiderparti.

FAU i Måndalen inviterte til paneldebatt, ikkje tvekamp. Det var veldig kjekt.

Når mange parti skal få fram sine synspunkt og meiningar i saker før valet er det etter mi meining viktig å bruke den knappe tida ein får tildelt på ret måte.

Skjønar at nokon vi ha ein disputt eller ein god debatt mellom politikarane, det kan vere både underhaldande og viktig, men eg meiner det er betre å bruke tida på å få fram partiet sine verdiar og hovudsaker. Det er det innbyggarane må vite noko om og ta stilling til før valet 11.september.

Når det gjeld ungdomsskulane på nord- og sørsida så er det mange, mange år sidan vi har fått eit så godt vedtak som vi har no har fått. At skulestrukturen skal bestå ut denne perioden gir forutsigbarheit , optimisme og ro ei god stund.

Rauma Ap har kjempa med nebb og klør, i alle samanhengar, for tre ungdomsskular i kommunen. No kan vi håpe på folketalsauke også i bygdene. Det eg kan seie er at ikkje alle parti har vert like ivrige i denne debatten og Høgre har, som dei sjølv sa, stemt nei heilt fram til no.

Når det gjeld fritt skuleval så var Sp eit av partia som stemte for vedtak om fritt skuleval  for nokre år tilbake. Rauma Ap har ville endra ordninga med fritt skuleval,  men har ikkje fått positiv respons frå dei andre partia.

Når det gjeld eigedomskatt så er det lite vits i å kritisere, om ein vil ha endringar må ein komme med forslag og Rauma Ap har ikkje stemt nei til halvering av frådrag. Rauma AP sa nei til å auke frådraget av den gode grunn at kommunen hadde ca 40 mill i gjeld. No går vi mot lysare tider på mange måtar. I budsjettarbeidet i haust kan auka bottenfrådrag fort bli eit vedtak om dei andre partia vil gi støtte.

Så er det ikkje slik at kommunen har brukte store beløp på å gå frå gard til gard og hus til hus for å sette ny takst, det var kun gardane som fekk taksert sine eigedomar, elles er skatteetatens boligverdi/formuesgrunnlag lagt til grunn for utrekning av eigedomsskatt.

Janne Søvik

ordførarkandidat og gruppeleiar

Rauma Arbeiderparti