Skrevet av Janne Søvik, ordførarkandidat Rauma Arbeiderparti

Rauma Arbeiderparti er ikkje utydeleg. Rauma Arbeiderparti, ved undertegna, sa heilt tydeleg i debatten tirsdag 22.08. at «det mest naturlege for Arbeiderpartiet er å samarbeide med SV», meir tydeleg kan det ikkje seiast i ein debatt.

Rauma Arbeiderparti har ikkje sagt at vi vil samarbeide med FRP og Høgre. Rauma Arbeiderparti har sagt at vi vil samarbeide i enkeltsaker med alle parti. I kommunestyret og andre utval er det heilt vanleg heldigvis.

Rauma Arbeiderparti vil finne dei beste løysningane for Rauma kommune sine innbyggarar og for næringsliv. Då må vi kunne lytte, kommunisere og drøfte med alle dei ulike partia og i dei ulike utvala. Om ikkje får vi inga god utvikling i kommunen vår, heller ikkje noko godt samarbeidsklima.

Sosialistisk Venstreparti (SV) og Yvonne seier heilt klart at dei ikkje vil samarbeide med Høgre og FRP, men om SV og resten av venstresida vil samarbeide med Rauma Arbeiderparti er dei hjarteleg velkomne til oss, vi har samarbeidd i fire år og er innstilt på fire nye år.

Så kjære Stein Siem gå gjerne inn på ÅA sine nettsider og lytt til debatten ein gong til, still heller spørsmål direkte til meg eller gjennom avisa, det hadde vert fint. Du finn og heilt tydeleg svar frå meg i VG og TV 2 i forhold til «frieri» frå Høgre.

Du skriv vidare i ditt innlegg at underteikna blir «tydeleg smigra av både smil, klemmar og positiv omtale frå mellom andre Renate Soleim (FrP)». Skal vi ikkje smile til kvarandre? Alle eg kjenner synes det er kjekt å få klemmar og positiv omtale. Eg både gir og får klemmar av Renate (FRP), av Ingunn (H) og Yvonne (SV), det er ofte naturleg når ein kjenner kvarandre godt og prøver å samarbeide i timelange møter. Sjølv om ein er ueinig i saker så skal ein vise både omtanke og respekt for alle.

Mitt råd til innbyggarane er å lese partiprogramma, lytt til kva dei ulike representantane og ordførarkandidatane har å seie. Gjere deg opp di eiga meining. Bruk både fornuft og hjarte. Godt val!