Skrevet av Øystein Folden, Fylkessekretær, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Nokre har oppdaga at bruk av hydrogen ikkje ureiner. Difor må det vere bra å bruke hydrogen. Siste bidraget er Norwegian Hydrogen og Onrail. Er det ein god ide?

Så enkelt er det ikkje. Produksjon av hydrogen er ofte ikkje rein. Når hydrogen blir produsert frå fossilgass, er det eit CO2-rekneskap, i tillegg til at ein del av energien blir borte på vegen. Skjer det ved hjelp av straum og elektrolyse, kastar ein bort mykje av energien før hydrogenet har gjort jobben sin. Reknestykket er omtrent slik: Ein tar ein kilowattime straum og lagar hydrogen. Då må ein rekne med å ha tapt kring 35% av energien, og sitt att med kring 65%, i beste fall. I tillegg blir det varmvatn, og oksygen som er nyttig når ein skal bruke hydrogenet. Så lagrar ein hydrogenet til ein kan bruke det. Når ein sett i gang brenselscella for framdrift på ein eller annan måte, så blir det meir varme. Er ein heldig får ein ut 65% av energien til framdrift. I beste fall sitt ein igjen med 0,4 kilowattimar til framdrifta etter dei to prosessane. I verste fall er det tale om ned til 50% i kvar av desse to prosessane, og då er det 0,25 kilowattimar igjen til slutt. Legg ein fabrikken ein stad der ein ikkje kan bruke varmvatnet til noko, så går ein glipp av den energien.

Hydrogen er i tillegg vanskeleg å lagre trygt. Hydrogen er difor berre aktuell der det ikkje er andre løysingar.

Raumabanen har tog som går på diesel i dag. Elektrifisering av heile denne banestrekninga er verken enkelt eller snargjort, sidan tunnelane ikkje er høge nok for elektrifiseringa.

Dei siste par åra har ein begynt å bruke hybridtog i Noreg. Det finst ei løysing der det er tale om diesel og elektrisk (Rørosbanen, Trønderbanen). Etter kvart kan det nok hende at ein får batteri og elektrisk som kombinasjon, i alle fall for passasjertog.

Ei løysing der ein elektrifiserer delar av Raumabanen, kombinert med hybridtog, kan vere ei svært god løysing. Så kan ein eventuelt på sikt ta ekstrakostnaden med dei vanskelege tunnelane om ein vil satse meir på godstransporten. Bruk av hydrogen til å drive tog er eit blindspor.