Skrevet av Nils Valde

Vi kan vere stolte av Norge som stiller opp for våre søsken frå Ukraina som er i krig og store prøvingar. Regjernga har lagt fram ein god plan for å gi støtte til dei som så meiningslaust har blitt råka av krig frå vår store nabo i aust. Det ser ut til å vere politisk einigheit om å løyve denne store «pakken». Men dei har endå ikkje lagt fram ein endeleg plan om korleis dette skal dekkast inn. Det vil dei kome attende til ved framlegginga av revidert budsjett no i mai. Men det har uroa mange av oss at dei har vore frampå om at deler av midlane skal dekkast inn ved å ta av budsjettet for utviklingshjelp. Det er då vi i KRF steiler.

Då eg høyrde dette, kom det i tankane mine ei forteljing som vi lærde i Bibelsoga då vi gjekk i folkeskulen. Det var endåtil den mektige kong David som hadde stelt seg så uklokt at Gud måtte sende profeten Natan for å åtvare han. Då profeten kom til kongen, sa han:» Det budde to menn i ein by. Den eine var rik og den andre var fattig. Rikmannen hadde ei mengd med sauer og kyr, fattigmanen hadde berre eit einaste lam. Det åt av brødet hans og drakk av skåla hans og låg i fanget hans og var som ei dotter i huset. Ein dag kom det ein gjest til rikmannen. Då sparde han alle sauene sine og tok det einaste lammet til fattigmannen og laga til mat til famandkaren». Då vart David brennande harm og sa:» Den mannen som har gjort det, skal døy!» Då svara Natan:»Du er mannen!»

Dersom finansministeeren vil ta frå dei fattigaste av dei fattige for å få ballanse i flyktningebudsjettet i ei tid då det renn over med inntekter i statskassa, då må vi med god grunn kunne rope til han:» DU ER MANNEN!»

Dette vil gå utover dei fattige og lidande først og fremst i Midt-Østen og Afrika. Krigen i Ukraina vil få enorme konsekvensar også for dei som svelt i desse landa, då det vil ramme så sterkt verdas matproduksjon. Det er ikkje lenger spørsmål om det vil bli svoltkrise, men kor stor ho vil bli. Å ta frå det som skal vere til hjelp fod dei lidande i dei landa som vi prøver å hjelpe, kan vi ikkje godta!