Skrevet av styret i Rauma KrF

KrF har i mange år vore eit sentralt parti i Rauma kommune, og har også hatt ordførar i mange år. Vi er lei oss for at vi i år ikkje greidde å få til ei liste for partiet. Men vi håper vi kan kome sterkare tilbake. Møre og Romsdal KrF har ei solid liste til FYLKESTINGVALET, og vi vil anbefale å bruke den. Rauma er her representert. (sjå nettsida)

I kommunevalet (lokalvalet) blir utfordringa kanskje å finne det partiet som står nærast dei viktige sakene i KrF.

KrF arbeider for

  • – å styrke , ikkje styre, familiane

  • – ein meiningsfull og trygg oppvekst

  • – ein god overgang mellom barnehage og skule

  • – eit aldersvenleg samfunn

  • – eit helsevesen som gir trygg omsorg når du treng det

  • – menneskeverd i alle livets fasar

  • – eit levande lokalsamfunn med gode arbeidsplassar og livskraftig næringsliv

  • – å styrke og legge til rette for det frivillige arbeidet i lag og foreningar, og verdsette dugnadsånd

KrF meiner at samfunnet blir bygd best nedanfrå og oppover, ikkje ovanfrå og ned. KrF vil vere på lag med dei som treng det mest. KrF held bistand og utviklingshjelp høgt. Nestekjærleiken kjenner ingen landegrenser. KrF vil bidra til å stoppe klimaendringane ved å kutte utslepp og bidra aktivt internasjonalt.

Godt val!