Skrevet av Anders Øverbø

Kanskje ikkje hørt om Kongeriket Romsdal? Det er Stiftelsen Romsdalstur som står bak lanseringa av Kongeriket Romsdal. Dei ynskjer å fremje marknadsføringa av dei ikoniske fjella Bispen, Kongen og Dronninga på nye og spennande måtar. Dei har presentert prosjektet i fleire fora, og får ingen kritiske spørsmål til arbeidet sitt. Men når ein ser på konsekvensane av denne satsinga, vert bilete heilt annleis.

Målet er å få fleire fjellinteresserte personar til å utfordre seg sjølv med å nå prestisjefyllte fjelltoppar. Dette kan raskt føre til ein ukontrollerbar auke i ferdsel og ulike nye utfordringar. Omfang av merking, tilrettelegging, avbøtande tiltak og restaurering av naturskader er uviss. Dette er sårbar høgfjellsnatur. Formålet med opprettinga av Trollstigen landskapsvernområde er å ta vare på eit særprega og vakkert natur- og kulturlandskap. I dette inngår geologiske verneverdiar. Med mykje laus ur, vil auka ferdsel føre til nye stiar som igjen fører til nye vannveger med fare for auka erosjon.

Om nokon er i tvil om korleis auka marknadsføring av spesielle turar verkar, så har vi mykje erfaring frå Romsdalseggen. Der ser det ut til at det er blitt eit varig problem å finansiere utbedringar av stien og gjennomføre avbøtande tilltak av ulike utfordringar som oppstår.

Rauma kommune har status som bærekraftig reisemål. Det viktigaste styringsdokumentet her er besøksstrategi, som vart vedteken av kommunestyret i mars. I besøksstrategien er det understreka at det ikkje bør kanaliseras ferdsel til nye stiar før vi har fått restaurert og styrka dei attraksjonane vi allereie har, og før eit robust system for fellesgodefinansiering er på plass nasjonalt.

Romsdalstur planlegg bussforbindelse til Trollstigen, men likevel vil mange bruke eigen bil. Kongerike Romsdal er absolutt eit finversprosjekt. På finversdagar er det utfordringar med trafikk og parkering på Trollstigen slik det er idag. Problemer med villcamping aukar med auka marknadsføring (Dette vert omtala som to store problem i besøksstrategien).

Besøkstrategien er også tydeleg på at tilrettelegging og verdiskapning bør skje utanfor dei store verneområda i kommunen. Difor er det valgt ut 10 klart definerte områder som tåler auka besøk.

Dei enorme sesongsvingningane er den største utfordringa for reiselivet og lokalbefolkninga (omtala i besøksstratetgien). Stor aktivitet om sommaren med mange sesongarbeidsplassar, gjer det vanskeleg å skape heilårs arbeidsplassar som bidreg til auka sysselsetting og tilflytting. Dette gjer det krevjande å nå måla om gode attraktive lokalsamfunn og fornøgde innbyggjarar.

Etter mine vurderingar kjem Kongerike Romsdal langt ned på lista over tiltak som er bærekraftig etter retningslinene i besøksstrategien.

For at reiselivet skal bli ei vellukka framtidsnæring i Rauma, er det viktig å jamne ut dei enorme sesongvariasjonane vi har no. Prosjekt som Kongeriket Romsdal vil forsterke denne uheldige utviklinga, og vil i tillegg vere skadeleg for sårbar høgfjellsnatur. Lokalpolitikarane må på vegne av lokalbefolkninga, ta ansvar for å styre utviklinga i tråd med vedtatte retningsliner. Prosjekt som kolliderar med retningslinene kan ikkje gjennomførast.

Kanskje stiftelsen Romsdalstur heller skulle arbeide for å bygge eit badeland som kan glede besøkande og fastbuande i all slags ver året rundt?

For å skape heilårsarbeidsplassar må ein satse mykje meir på sesongutvidingar, vinteropplevingar og utvikle samarbeid mot Bjorli. Dei har det samme problemet med mange sesongarbeidsplassar om vinteren (Kven blir først med badeland?). Då burde det på sikt vere mogeleg å skape heilårsarbeidsplassar, fleire innbyggjarar og lys i husa heile året.

Forrige formannskap lot seg lett målbinde då dei vart presentert for Kongeriket Romsdal. Berre oppsidene vart vist fram, og det var så godt som ingen kritiske spørsmål. No må dei nyvalgte lokalpolitikarane bruke besøkstrategien. Sørg for gode konsekvensanalyser av viktige reiselivssatsingar og krev politisk handsaming i tråd med retningslinene i besøkstrategien!