Skrevet av Janne Søvik, gruppeleiar i Rauma Arbeiderparti

Det var veldig kjekt å sjå og lese i ÅA , rett før påske, om dei store planane som har begynt å ta form for eit nytt og spennande tilbod til ungdomane i Rauma.

Formannskap og næringsliv fekk tidlegare eit innblikk i desse planane på eit felles møte i regi av Næringslaget. Ein engasjert Filip Eidsvåg, som er tilsett i ei prosjektstilling, ønska idémyldring, dialog og engasjement frå næringsliv og politikarar i forbindelse med dette prosjektet som vi trur kan bli heilt unikt.

I kommunen vår har vi utruleg mange gode tilbod innafor idrett, musikk og kultur generelt frå før, men eit hus som ungdomane sjølv får være med å bygge opp blir heilt, heilt spesielt.

I februar 2021 fekk Rauma Arbeideparti med seg 25 av 27 representantar i kommunestyret på eit forslag om oppstart av ein liten kafé i sentrum, med ønske om eit likande tilbod, men i langt mindre skala. Vi hadde ønske om at både føresette og miljøarbeidarar i tillegg til ungdomane sjølv skulle være med i oppbygging av kafeen.

Så har åra gått, saka om ungdomskafé har vert oppe til drøfting både i formannskap og kommunestyre fleire gonger og nye vedtak er blitt gjort utan at planane har blitt realisert eller komme vidare.

Det må seiast at kommunen har vore igjennom ei vanskeleg tid med omstilling, omorganisering på fleire nivå og svak økonomi, men no er endeleg dette nye og spennande prosjektet likevel i gang.

Vi er kjempeglade for at nye krefter kan sette i gang med planlegging av eit heilt unikt tilbod for ungdommen i Rauma. Eit tilbod både for dei som ønsker organisert og uorganisert aktivitet, og det viktigaste av alt - ein plass der ein kan sleppe å prestere eller konkurrere, men «berre henge».

Rauma Arbeiderparti vil støtte heilhjerta opp om dette prosjektet og vi heiar både på prosjektleiar og ungdomane!