Dette lesarinnlegget er skrive av Janne Søvik, gruppeleiar og ordførarkandidat for Rauma Arbeiderparti.

Idrettsforbundet har ei ordning som blir kalla for Kontantkassa.no. Dette er ei ordning der trenarar og leiarar i dei ulike idrettslaga kan søke om økonomisk støtte til enkeltpersonar, ei støtte som gjer at enda fleire barn og unge mellom 6-18 år får moglegheit til å delta i organiserte fritidsaktivitet .

Møre og Romsdal idrettskrets får stadig spørsmål frå trenarar og leiarar i mange idrettslag med spørsmål om det kan vere støtteordningar ein kan nytte når familiar har vanskar med å betale for barn/ungdom si deltaking om i idrettsaktivitetar. Det var med bakgrunn i dette dei starta opp kontantkassa i 2020 i samarbeid med ulike sponsorar.

Støtta kan for eksempel brukast til å betale kontingent, eigenandel, lommepengar når dei skal delta på turar, til utstyr, konkurransar og turneringar knytt opp mot ulike aktivitetar i idrettslaget.

Ordninga er meint som et spleiselag mellom kommunen og idrettskretsens samarbeidspartnarar der idrettskretsen og samarbeidspartnerane bidrar med like mykje midlar som det beløpet kommunen øyremerker av eigne midlar lokalt. Eksempelvis vil det seie at dersom ein kommune sett av kr. 50.000,- til dette formålet, vil ein være i posisjon til å ta imot opptil same beløp frå idrettskretsen.

Det er ei forutsetning at kommunen forvaltar ordninga og handterer søknadane som kjem inn. Kommunen må utnemne ein ansvarleg kontaktperson som frivillige lag og organisasjonar kan henvende seg til. Dette er eit av kriteria  Møre og Romsdal idrettskrets (MRIK) har sett for at søknaden skal behandlast. Mange av våre nabokummar brukar denne ordninga bl.a. Vestnes, Molde og Hustadvika.

Sjølv om regjeringa i revidert nasjonalbudsjett har sett av 23,2 mill ekstra til frivilligheit- sentralane og 15 mill til fritidsklubbar så er dette ei ordning som kan bli eit svært godt supplement i tillegg til at vi sjølvsagt og skal sjå nærare på hall-leie i heile kommunen vår.

Det skal ikkje vere slik at barn og unge ikkje kan delta i idrettsaktivitetar på grunn av høge eigenandelar og treningsavgifter. Rauma Arbeidarparti ser at ei slik tilskotsordning kan bli god også for Rauma kommune.

Rauma Arbeiderparti tok i kommunestyremøte 25.05.23 initiativ til at denne ordninga blir utgreia i vår kommune så raskt som råd slik at kommunestyret kan ta stilling til ei slik ordning i budsjettsamanheng til hausten.

Saman med ønske om ungdomskafé i sentrum og  rimelegare hall-leie vil dette bli ei av sakene som vi vil ta stilling til i budsjett- økonomiplana til hausten

Janne Søvik

ordførarkandidat og gruppeleiar

Rauma Arbeiderparti