Skrevet av Jan Peter Valde, listetopp Rauma Senterparti

Mange hendingar den siste tida, slik som klima- og energikriser, naturkatastrofer, pandemi og krig, har vist oss at beredskap er svært viktig. Levande distrikt med lokal aktivitet i heile Norge er ein viktig faktor for god beredskap.

Alle treng mat. Lokal matproduksjon er ein viktig del av beredskapen. Vi må sikre ein god beredskapspolitikk gjennom ein styrking av den norske matproduksjonen og oppretting av nasjonale matlagre. Import av mat er dessutan dårleg klimapolitikk.

Senterpartiet er «Distriktsparti nummer 1» i Norge. Derfor vil Senterpartiet satse på heile Norge. Kva slags Norge vil vi få dersom vi sluttar å produsere maten vår sjølv? Senterpartiet har alltid kjempa for at vi må ha lokal matproduksjon. Lokal matproduksjon er viktig for beredskapen, men også for busettinga ute i distrikta.

I Rauma har jordbruket vore ei svært viktig næring i mange, mange år. Rauma er den største sauekommunen i Møre og Romsdal, og mjølkeproduksjon og kjøttproduksjon og ein del kornproduksjon utgjer ein betydeleg del av næringslivet i Rauma. Når eg som nyutdanna veterinær byrja i praksis var det over 100 mjølkeprodusentar i Rauma utanom Vågstranda.

I dag er det langt færre, men dei som driv produserer mykje meir. Vi treng lokal matproduksjon. Derfor vil Senterpartiet være ein aktiv pådrivar for å oppretthalde ei solid landbruksnæring i Rauma, være aktiv i vern av dyrkamark og være positiv til at dei som ynskjer det kan utvikle tilleggsnæringar på eige gardsbruk.

I ei tid kor sårbarheita i dei globale forsyningslinene har blitt tydelege må me som nasjon ta ansvar for å brødfø eigen befolkning. Dersom me ein dag står i ei global krise, kan me ikkje forvente at resten av verda skal prioritere å sende mat til oss først. Derfor må vi også i fredstid byggje opp vår eigen matproduksjon.

Vi må forvalte dei gåvene jorda har gitt oss på ein god måte.