Leserbrev

Kva skal ein velje – kva er beste alternativet?

Nils Valde  Foto: Privat

Meninger

Det er ikkje « å stikke under stol» at KrF har hatt ein vanskeleg periode. Den uheldige delinga tappa partiet for krefter. Men vi er mange som framleis meiner at det vil bli eit stort tap for landet om KrF skulle kome under sperregrensa ved valget 13.sept.

KrF har alltid og vil framleis kjempe for menneskeverdet som er kanskje den viktigaste saka for eit kvart samfunn. Og etter dei vedtaka som er gjort på mange parti sine landsmøte det siste året, så blir dette ei vktig sak i komande stortingsperiode. KrF vil stå på i kampen for det ufødde liv.

Elles vil dei viktigaste sakene for KrF vere miljøvern og familen (familievern). Når det gjeld miljøvern, så står KrF støtt på linja for å få ned utsleppa. Vi har personar som står fremst i kampen for «det grøne skiftet». Det må nok hardare lut til enn å slutte å ete kjøt som somme går stekt inn for. Vi må nok vere budde på at ei omlegging vil «svi» litt om vi skal få utsleppa ned.

Men den største saka for KrF, er familien. Vi ynskjer å vere familiepartiet fram for nokon anna. Familien er «urcella» som byggjer opp eit samfunn. Sviktar det her, så sviktar alt. Det er sterke angrepå på familen i dag, og greier dei å rive ned familien, så raknar heile samfunnet.

KrF vil difor kjempe for familen. Det er det vi har gjort i siste periode då vi har vore med i regjering. Vi har fått til eit historisk løft på barnetrygda etter at det har stått stilt i mange år. Vi har kjempa fram kontantstøtten som mange no vil gå til angrep på. Vi ser at det er fleire som vil ha bort kontantstøtten. Men det er ikkje nokon som skal få meg til å tru at dette ikkje er ei god ordning for mange. Det gjev valfriheit. Eg er også overbevist om at å legge til rette slik at ein av foreldra kan få vere meir heime saman med borna sine dei to første leveåra, vil ha stor positiv virkning for barnet, og foreldra.

KrF har også fått sett i gang med ei prøveordning med fritidskortet som vil gjere et mogeleg for born til forelre som har lav inntekt, kan få ta del fritidsakivitetar. Dette har blitt svært godt mottatt i dei kommunene som har prøvt det ut. Tanken er at dette skal bli eit tilbod til alle.

Det er difor mange grunnar til at du bør stemme KrF den 13. september.