Siste fredag i måneden presenterer vi et kulturminne i Rauma. Spalten "Kulturminnet" er skrevet av Geir Grav.

Diktaren

Berhard Mittet vart født i 1903 og døde i 1981. Han vaks opp på Jo-garden på Ytre Mittet. Bernhard fekk tilnamnet Jo-Bertel, og han vart kjent som det. Jo-Bertel var bygdeskald, - ein hederstittel, og han skreiv dikt heile livet. Mange av dikta er inspirert av naturen: av fjella, fjorden og alt det som me bør sette pris på. Gjerne små ting som kan gi glede, og som me er i ferd med å gløyme.

Jo-Bertel var det me kan kalle ein heimstad-diktar. Han nytta heimstaden som stoff både i høve til miljø, natur og folk. Det er bygdediktning, og som kulturuttrykk kan det hjelpe oss til å finne både identitet og fellesskap.

Spelmannen

Jo-Bertel var også spelmann. Han spelte fele, - djevelens instrument, og hadde absolutt gehør. Som spelmann var han kjent både i og utafor bygda. Han kom tidleg med i Rauma spelmannslag, og han spelte også ein del i lag med Severin Langset.

Det var mykje sang og musikk i Jo-garden. Stundom kom Joramo-gutane innom med torader, og då vart det liv i stua. Svogeren Schønning besøkte også Jo-garden frå tid til anna, og det vert fortalt at då song dei både høgt og mykje. Det finst fleire heimlaga opptak der Jo-Bertel syng til eige akkompagnement på Zither.

Andre draumar

Jo-Bertel var ikkje odelsgut til garden på Mittet. Det var broren Nils som hadde odelsretten. Men Nils sa frå seg retten og reiste til Molde for å drive forretning. Dei andre søskena reiste også ut, og dermed tok Jo-Bertel over garden. Men han var ikkje særleg interessert i gardsdrift, for han hadde andre draumar. Helst likte han å sysle med teknikk, maskinar og snekring. Og ikkje minst med båtbygging. Mange av dikta hans vart truleg til medan han sysla med det.

Ved kjøkenbordet

Jo-Bertel var ikkje den som sprang rundt på gardane. Han trivdest godt ute i naturen, og var meir interessert i å vere der enn heime. Ofte søkte han til seterstølen på Ytre - Mittetsetra, eller til fiskebua si ved Bollfjellvatnet. Her henta han inspirasjon, og det kjem til uttrykk i dikta. Han skreiv gjerne på rim, og på ei blanding av bokmål og nynorsk. Men ikkje minst på dialekt.

Me kan sjå for oss Jo-Bertel der han sit ved kjøkenbordet med utsikt over Ytter-Mittet. Pipa kviler i munnvika og fela ligg på bordet, - alltid innan rekkevidde. Så skreiv han på papirlappar, i margen på ei gamal avis eller på ein bit gråpapir. Hadde han ikkje papir for handa, skreiv han på det som var tilgjengeleg. Til dømes ei trefjøl.

Diktaren og spelmannen Jo-Bertel. Forsidebilde: Torbjørn Farstad Foto: Geir Grav

Dikta vert samla

Jo-Bertel var ein beskjeden mann, men det hende han opptredde på lokale tilstelningar. Då spelte han fele og deklamerte dikt. Men han samla aldri dikta sine. Dei vart liggjande litt her og der, - på lappar og fjøler. Av dei mest kjente dikta er nok “Sagnet om Måsvassbrygga”, som me tidlegare var innom då me såg nærare på trollnamn i Rauma.

Dikta har vore i sirkulasjon i familien, men dei kunne fort bli gløymde om det ikkje var for at dotter hans, Berit Thorhus, fekk samla alt det som var skrive for hand. Bjarne Dahle tok på seg ansvaret med å redigere ei diktsamling, og Mittet historielag ga ut boka “Bygdeskalden Jo-Bertel” i 2020. Ho er å få kjøpt hos Norli bokhandel på Åndalsnes, eller om ein tek kontakt med Mittet historielag.

Kjærleik og død

Jo-Bertel vart gift med Alma Hustad frå Fræna, og dei fekk fire barn. Mykje av livsløpet sitt fortel han om i diktet “Olsens pige”, der vi får høyre om møtet med Alma som stod bak disken i Olsens butikk. Om den forsiktige tilnærminga mellom dei to, om den gryande kjærleiken, om frieri og giftermål. Og om den vemodige slutten på livet når Alma er borte og berre minna er tilbake. Det er eit vakkert dikt som står seg godt også i dag, til like med mange av dei andre dikta han skreiv.

Til dømes dette:

Om eg er gamal

Om me vert gamal er alt ikkje gløymt. So mangt i vår hug kan me finne. Dei finaste stunder i livet er gøymt, som perler dei skin der i minnet.

Om me vert gamal, me minnest ein gong, me ville mot høydene klyve. Me gjekk der å vona, lengta og song, og venta oss alt utav livet.

Om me vert gamal og tankane hell, me leva vil oppatt det beste. Gjev minnet vil fylgje til siste kvell, då augo i døden skal briste.

Dikt og musikk

Poesien kan bygge bru mellom oss og fortida gjennom nyskaping og kreativitet. Det har me eit godt døme på her. Jo-Bertel var “gammelonkel” til Reidar Dahle, og diktsamlinga ga Reidar inspirasjon til å nytte eit anna kulturuttrykk, nemleg musikk. Han har teke for seg fleire av dikta og sett tone til dei. Det har resultert i ein CD som har fått namnet “Jo-Bertel og i». Reidar er ein velkjent musikar med ei rekkje prosjekt bak seg. Heilt sidan 1970-talet har han spelt opp til dans i mange konstellasjonar. Denne CD-en har han spelt inn heime i sitt eige studio saman med dyktige musikarar.

Reidar Dahle har sett musikk til dikta. Foto: Ottar Rydjord

På verdensveven

Du finn eit par smakebitar på Spotify. “Utslåtten” handlar om å sjå det store i det små. Siste vers er slik:

Men skal me tru om me i no-tid nokon stader finn,

slik ein trivnad som dei fann i dette små.

Og den gleda som dei åtte når høyet fint kom inn,

var ei lukke som for oss er vond å nå.

“Barndomsminne” er den andre låten som ligg ute på nett, og den er det Jo-Bertel sjølv som syng i eit kassett-opptak. Han hadde kjøpt seg ein liten bandopptakar og spelte inn nokre slåttar og dikt. CD-en er til salgs hos Skare på Åndalsnes.

Sikre og utvikle kulturarven

I Rauma kryr det av levande tradisjonar og tradisjonell kunnskap. Men det me kallar immaterielle kulturverdiar, som til dømes dikt, munnlege forteljingar, musikk og ritualar, kan lett bli borte om me ikkje tek vare på dei i ei form som sikrar at dei lever vidare. Derfor skal me gi honnør til dei som tek på seg å sikre kulturarven. Og ved nokre høve gir han eit ekstra løft gjennom kreativ handsaming.

Kjelder: kulturradet.no Mittetdalen Historielag: “Bygdeskalden Jo-Bertel”. 2020 Store norske Leksikon

Informantar: Reidar Dahle Svanhild Dahle