Onsdag morgon var storsalen på Rauma Kulturhus fylt med ungdomsskuleelevar frå heile kommunen. Og det vert ein energisk start på skuledagen. For med rytmiske tonar og takter tok Freestyle Phanatix med seg elevane inn i den postmodernistiske tida då hiphopen blei til.

Dansekompaniet frå Danmark og Sverige viste fram breikdans med utrulege triks og bevegelsar med bein, armar og på hovudet. Ein beatboxar var óg med, og skapte stor begeistring bland publikum med menneskeleg bass –, tromme- og rytmelyd. Jonathan Hagen, Rikke Eikebø-Amdam og Adriana Nyhagen Myklebust lét seg imponere over kompaniet.

– Det er fyrste gong vi ser hiphop i levande live, og det var utruleg bra, seier dei tre elevane som går i 8. klasse på Måndalen skule.

– Beatboxinga var innmari kult å høyre på, og måten dei dansa på var skikkeleg tøft, legg 13-åringane til.

– Kjekt avbrekk

Førestillinga på onsdag var fyrste tilbod på Kultursekk-programmet dette skuleåret. Kultursekken er eit samleomgrep for satsinga på kulturformidling i barnehage, grunnskule og den vidaregåande skulen i fylket.

Kvart år vert programmet skreddarsydd slik at barn og unge får tilgang til gode kulturopplevingar i sin kvardag.

– Tilboda frå Kultursekken er eit kjekt avbrekk i skulekvardagen, og det er noko vi ser fram til, fortel dei tre elevane frå Måndalen som saman med elevane frå Åfarnes oppvekstsenter hadde teke turen til Åndalsnes.

Det er Kultursekken som dekker midlande til skyss for elevane.

Bredt program

Kultursekken sitt program byr i år på mange spanande inntrykk for både små og store.

Danseverkstad med Freestyle Phanatix, konsert med bandet Comet Kid, digital teikning, film og visuell kunst er berre nokre av tilboda på programmet når Kultursekken kjem på besøk til skulane i kommunen.