Eg er ein halvekte 68-ar. Det betyr at eg var radikal dette året, gjekk i demonstrasjonstog (mot Sovjets sitt overfall på Dubcek og Tsjekkoslovakia), hadde mykje hår (men ikkje så mykje som The Beatles-gutane) og prøvde ein gong nesten å røyke hasj (men vart stogga i siste liten av mi skotske sommardame i Palma, for ho kjende att lukta på sigarrettane som eg vart tilbydd).

Enno hadde eg ikkje lagt meg til med skjegg, det kom først nokre år seinare, og vart ein del av min image, i tillegg til min mage.

Det var praktisk med skjegg og eg sparte mykje tid. I løpet av dei siste 50 åra har eg spart om lag 2500 timar på å late vere å barbere meg. Eg har enno ikkje bestemt kva eg skal bruke desse timane til, men eg har dei til gode.

Ei påskehelg ville eg prøve noko heilt nytt, eg tok skjegget fort og gale. Det vart ingen suksess på heimebane. Ungane våre (vi hadde to på det tidspunktet) såg på meg som ein framand ung mann som urettvist blanda seg inn i familielivet. Det vart med dette forsøket.

Håret har variert i lengde, frå normal lengde til «hippielengde». Ein gong vi var på Kreta, vart håret vel langt. Det la seg i augo når eg sumde, så eg visste ikkje kvar eg sumde.

Eg fann ein liten frisørsalong i utkanten av Platanias og gjekk dit då salongen opna for dagen. Der var dei ein frisør, ei lita, tett dame som måtte stå på ein skammel for å rekke opp til issen min, sjølv om eg sat. Frisørdama var ikkje spesielt kunnig i andre språk enn gresk, og gresk var «heilt gresk» for meg. Men ho kunne tre ord på engelsk; small, medium og large.

Desse tre orda forkynde ho meg med eit stort spørsmålsteikn i andletet. Eg valde det sikre; medium. Då kom ho med ein elektrisk maskin som var innstilt på 0,5 centimeter, og fresa gjennom håret mitt på nokre få minutt.

Svært billeg vart det, rett nok, men eg har aldri vore så snauklipt som desse dagane på Kreta. Kona mi fekk ein ny mann, og eg veit ikkje om ho likte det. Godt likevel at eg ikkje valde small!

Eg hadde i mine beste år nesten svart hår og skjegg. Det har endra seg monaleg. No er det lysegrått, men det veks like godt som før.

Etter som åra har gått, har mange kroppslege funksjonar også endra seg, til å nå stadig lågare nivå. Eg brukar å tenkje depressivt at no er det berre hårveksten som fungerer normalt. Retting; Tå-neglene veks enno uforskamma fort, og det krev ein viss akrobatikk å klippe desse. Men altså; Området der imellom er heller skralt. «Når endane er gode, er alt godt», heiter det. Det er trøysta mi.

For eit års tid sidan let eg håret vekse. På vindfulle dagar likna eg på Boris Johnson. Eg fekk mange spørsmål om håret. Eg fann ikkje på noko anna å svare enn at eg frå 2022 planlegg å bruke dei siste 25 åra av livet mitt til å vere bildande kunstnar, og kunstnaren Skomsø må sjå annleis ut en rektoren og politikaren Skomsø. Det har folk hatt stor forståing for.

Men etter nokre månadar vart håret for langt igjen, og eg måtte ty til mi faste og trivelege frisørdame i Eidsbygda for ei moderat stussing av håret. Difor måtte eg utsetje mitt nye kunstnarliv. No er det september i år som gjeld. Då skal eg sjå høveleg kunstnarleg ut.

Om nokon møter meg utpå hausten med nyleg klipt manke, så betyr det at eg har resignert og gitt opp som kunstnar.

Men eg kjem ikkje til å gje håret skulda for det!